Sarajevo
Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på rundt 430 000 (i 2006)[1] Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Sarajevo | |||
by | |||
|
|||
Kallenamn: Den olympiske byen | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Føderasjonen Bosnia-Hercegovina Republika Srpska | ||
Kommune | Sarajevo kommune | ||
Høgd | 500 m | ||
Areal | 142 km² | ||
Folketal | 429 672 (2006) | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
![]() Sarajevo | |||
Wikimedia Commons: Sarajevo | |||
Nettstad: www.sarajevo.ba | |||

Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]
Kjelder Endra
- ↑ Federal Office of Statistics, Federation of Bosnia and Herzegovina. http://www.fzs.ba/Eng/gode.htm#POPULATION Arkivert 2008-04-10 ved Wayback Machine.
- ↑ Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
- ↑ Kelley, Steve. Rising Sarajevo finds hope again. The Seattle Times.