Akkord

(Omdirigert frå Akkord i musikk)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Akkord (fleirtyding).

Akkord i musikken er samklang danna av to eller fleire tonar. Dei er gjerne bygde opp av tonar med visse intervallar imellom, som tersar. I vestleg musikk har akkordar utgangspunkt i ein skala.[1]

Ulike firklang-akkordar.

Ein kan mellom anna klassifisera akkorder ut frå kor mange ulike tonar dei inneheld. Akkordar med tre tonar blir kalla treklangar, og deretter følgjer firklang, femklang, seksklang o.s.b.

Treklang Består av Døme Symbol
Durtreklang Stor ters Kvint C-E-G C, CM, Cma, Cmaj
Molltreklang Liten ters Kvint C-E-G Cm, C-, c, Cmi, Cmin
Forstørra treklang Stor ters Forstørra kvint C-E-G C+, C+, Caug
Forminska treklang Liten ters Forminska kvint C-E-G♭ Cm(5), C-(5), Cdim

Tonane i ein akkord kan danna konsonans eller dissonans, noko ein oppfattar litt ulikt avhengig av sjanger og periode. Akkordar med konsonans omfattar tradisjonelt dei med rein oktav, kvint, kvart, stor og liten ters og sekst. Vanlege akkordar med konsonans er treklangar i dur og moll.[2] I mellomaldermusikk rekna ein derimot tersar og sekstar som dissonante. I nyare harmonilære reknar ein akkordar med sekund, septim, noneakkordar og forstørra og forminska intervaller som dissonante.[3]

I ein akkord i grunnstilling ligg grunntonen i bassen. Dersom ein av dei andre tonane i akkorden ligg i bassen, blir akkorden rekna for å vera i omvending, slik at ein treklang med førsteomvending vil ha tersen i bassen, og ein med annanomvending vil ha kvinten i bassen.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «akkord – musikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. januar 2020. 
  2. «konsonans – musikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2019. 
  3. «dissonans». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018.