For andre tydingar, sjå tone.

Ein tone er regelmessige lydsvingingar karakterisert ved lydstyrke, høgd og klangfarge.

Styrken (høyrestyrken) vert gjeven i phon. Frekvensen vert gjeven i svingingar per sekund (hertz, Hz), og viss tonen inneheld fleire frekvenskomponentar, er tonen som regel avgjort av den lågaste av desse (grunntonen). Klangfargen er avgjort av kor mange overtonar det er og amplituden av desse i høve til amplituden til grunnkomponenten. Viss tonen inneheld berre éin frekvens, blir tonen kalla rein eller enkel. Med fleire frekvensar blir tonen kalla samansett. Den lågaste tonen kallar ein grunntonen, dei andre overtonar. Viss frekvensen til overtonane eit heiltal gonger frekvensen til grunntonen, blir overtonane kalla overharmoniske av grunntonen. Tonen i blåseinstrument og strengeinstrument er bygd opp av harmoniske overtonar. Tonar i kyrkjeklokker har ikkje-harmoniske overtonar. Klangfarga til eit instrument avheng òg av kor snøgt grunntonen og dei ulike overtonane bygger seg opp og døyr ut. Nokre instrument, som til dømes fiolin, har små variasjonar i frekvensane til grunntonen og dei overharmoniske komponentane[1].

Reeferansar endre

  1. Howard, D.M. og Angus, J., Acoustics and prychoacoustics, 3. utg., Focal Press, 2001.

Kjelder endre