Akrofoni
Akrofoni (gresk ἄκρος akros 'øvst' og φωνή phon, 'lyd') er namngjeving av bokstavar i eit alfabetisk skriftsystem der namnet på ein bokstav byrjar med denne bokstaven. Greske bokstavar har til dømes akrofoniske namn: Namna på bokstavane α, β, γ, δ, blir skrivne med bokstavane dei tilhøyrer fyrst: άλφα (alfa), βήτα (beta), γάμμα (gamma), δέλτα (delta).
Ein finn akrofoniske alfabet i proto-sinaittisk skrift og det etterfølgjande fønikiske alfabetet, der bokstaven A, som representerer lyden [ʔ], truleg er avleidd frå ein egyptisk hieroglyf som representerer ein okse, og blir kalla «okse», ʾalp, som byrjar med den glottale lukkelyden bokstaven representerer. Den andre bokstavet i det fønikiske alfabetet er bet (som tyder «hus», og ser litt ut som eit skjul) som representerer lyden [b], og frå ālep-bēt kom ordet «alfabet». Dette er eit anna døme på at byrjinga av ein ting gir namnet til heile.
Det glagolittiske alfabetet og dei tidlege kyrilliske alfabeta har òg bokstaver med akrofoniske namn, sjølv om dei ikkje består av ideogram. Bokstavane som representerer /a, b, v, g, d, e/ blir kalla az, buky, vedi, glagol, dobro, est. Når ein nemner bokstavane etter kvarandre blir det eit slags dikt, ei hugseregle som hjelper elevane og lærde til å læra alfabetet. «Az buky vedi, glagol’ dobro est» tyder ‘Eg kjenner bokstavane, [ordet] er godt’ på gammalkyrkjeslavisk.
På irsk og ogham hadde bokstavene namn etter tre, for eksempel var A var ailm (gran), B var beith (bjørk) og C var coll (hassel). I runealfabeta nytta av germanske folka hadde ein òg akrofoniske namn på runene; for eksempel blei dei tre fyrste bokstavane, som representerte lydane /f, u, þ/, kalla fé, ur, þurs på norrønt (rikdom, regn, rise) og feoh, ur, Þorn på gamalengelsk (rikdom, okse, torn). Begge namnesetta kom truleg frå proto-germansk *fehu, *uruz, *thurisaz.
Moderne radiotelefoni og flyging bruker stavingsalfabet (der det best kjende er NATO-stavingsalfabetet, som byrjar med Alfa, Bravo!, Charlie, Delta...) der bokstavane i det engelske alfabetet blir tildelt vilkårlege ord og namn på akrofonisk vis for å unngå misforståingar.
Dei fleste notane i solfa-skalaen – do, re, mi, fa, sol og la – har namnet sitt frå den første stavinga i linjene til den latinske hymnen «Ut queant laxis».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Acrophony» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2023.