Akrotíri på Kreta
Akrotíri Lokalt namn Ακρωτήρι | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Kreta |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune |
Kreta Khaniá Kíssamos |
Hovudsete | Pythári (1 724 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 13 100 (2011[1])
|
Akrotíri (gresk Ακρωτήρι) er ei halvøy og ein tidlegare kommune på Kreta, aust i periferieininga Khaniá. Det antikke namnet var Kiamon, medan ho under Austromarriket vart kalla Kharaka.
Akrotíri ligg på nordsida av øya. Ho er nesten sirkelforma og er forbunde til resten av øya mellom byane Khaniá og Soúda. Sør for halvøya ligg Soúdabukta. Det meste av halvøya ligg på eit platå over sjøen. Langs nordkysten ligg ei rekkje med åsar. Det ligg fleire feriestader langs Akrotíri, som Stavrós, Kalathás og Maráthi.
Akrotíri var tidlegare ein eigen kommune i periferieininga Khaniá, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Khaniá.[2]
Gravene til Eleftherios Venizelos og son hans Sofoklis ligg på Akrotiri. Her vart det greske flagget reist for å utfordre tyrkarane og stormaktene, og halvøya vart eit hovudkvarter for den kretiske revolusjonen.
Tre kloster ligg i åsane i nord. Ajía Triáda vart grunnlagd av to venetianske munkar som hadde vorte ein del av den ortodokse kyrkja på 1600-talet. Eit anna kloster, Katholikó, i dag forlate, vart grunnlagd på 400- eller 500-talet.
ReferansarEndra
- ↑ Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
BakgrunnsstoffEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Akrotiri (Crete) frå Engelsk Wikipedia .