Akrotíribukta
Akrotíribukta (gresk Κόλπος Ακρωτηρίου, Kólpos Akrotiríou; tyrkisk Limasol Körfezi) er ei bukt aust for Akrotírihalvøya på søraustkysten av Kypros, og ein del av Middelhavet. Byen Lemesós ligg nord i bukta. Den sørlege enden av bukta er forma av Gátaneset.