Opna hovudmenyen

Tyrkisk høyrer til den tyrkiske språkfamilien, og blir snakka av ca. 80 mill. menneske i Tyrkia, og av tyrkiske mindretal på Kypros, i Hellas, på Balkan (mellom anna i Bosniea og Albania) og i Nordeuropa (der det til dømes er det største minoritetsspråket i Danmark og Tyskland).

Tyrkisk
(Türkçe)
Klassifisering: Altaisk
 Tyrkisk
  Sørtyrkisk
   Tyrkisk
Talarar: Tyrkarar
Bruk
Tala i: Flag of Turkey.svg Tyrkia
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Flag of Cyprus.svg Kypros
Flag of Greece.svg Hellas
Flag of North Macedonia.svg Republikken Makedonia
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Uzbekistan.svg Usbekistan
Tyrkisktalande i alt: 80 626 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Normert av: Türk Dil Kurumu
Språkkodar
ISO 639-1: tr
ISO 639-2: tur
ISO 639-3: tur
Wikipedia på tyrkisk

GrammatikkEndra

Tyrkisk er eit agglutinerande språk. Den dominerande morfologiske prosessen er suffiksering, suffiks eller endingar blir lagt etter kvarandre etter stammar, og verb og substantiv blir bøygd i tid, person og tal. Det inneber at det er mogleg å lage svært lange ord, t.d. 'Çekoslovakyalılastıramadıklarımızdan mısınız' ('Er du ein av dei, vi ikkie kunne tsjekkoslovakisere?').

Særlege kjenneteikn er m.a.:

  • tyrkisk har ikkje grammatisk genus, det er ikkje skilnad mellom han og ho, begge er o)
  • det er vokalharmoni i alle ord (bortsett frå låneord og nokre få tyrkiske ord)
  • i syntaksen blir det brukt setningsforkortingar i staden for leddsetningar, t.d. 'Anadolu'da bulunan Ankara çok güzel bir şehir' ('Ankara, som ligg i Anatolia, er ein svært vakker by').

SkriftspråkEndra

Tyrkisk er påverka av arabisk og vart fram til Kemal Atatürk sin reform i 1928 skrive med arabiske bokstavar. Det tyrkiske alfabetet har ein del bokstavar som ikkje finst i t.d. det norske alfabetet:

  • ı (schwa, blir uttalt som siste vokal i det norske ordet 'danse')
  • ğ (stumt 'g', blir ikkje uttalt)
  • ş (sj)
  • ç (tsj)

LitteraturEndra

  • Göksel, Aslı & Celia Kerslake (2005). Turkish: A Comprehensive Grammar. London: Routledge. "The Most Recent Comprehensive Grammar In English."
  • Kononov, A. N (1956)., Grammatika Sovremennogo Turetskogo Literaturnogo Jazyka, Akademiya Nauk SSSR Institut Vostokovedenija, Moskva-Leningrad, 569 S.(Tıpıkbasım (2001), Multilingual, İstanbul)
  • Kornfilt, J. (1997), Turkish, London: Routledge.
  • Lees, Robert B. (1961), The Phonology Of Modern Standard Turkish, Indiana University, Bloomington, Mouton And Co. The Hague, Netherlands, Vii+76 S.
  • Lewis, G. L. (1967). Turkish Grammar. Oxford University Press. Isbn 0-19-815838-6.
  • Nash, Rose (1973), Turkish Intonation, Mouton.
  • Swift, Llyod B. (1963), A Reference Grammar Of Modern Turkish, Indiana University, Bloomington, Mouton And Co. The Hague, Netherlands, 267 S.+4 Analyses (Tables).
  • Underhill, Robert (1976). Turkish Grammar. Cambridge, Ma: Mit Press.

KjelderEndra

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.