Aléxandros Tzórvas

gresk fotballspelar

Aléxandros Tzórvas (fødd 12. august 1982) er ein gresk fotballspelar. I 2011/12-sesongen spelar han som keeper for Palermo og for det greske landslaget.

Aléxandros Tzórvas
Personleg informasjon
Fullt namn Αλέξανδρος Τζόρβας
Aléxandros Tzórvas
Fødd 12. august 1982
Fødestad Athen
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Palermo
Nummer 33
Ungdomsklubbar
Hellas Panathinaikos
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-2007
2001-03
2003-04

2004-05
2007-08
2008-11
2011-
Hellas Panathinaikos
Hellas Ájos Nikólaos (lån)
Hellas Markópoulo Mesojéas (lån)
Hellas Thrasývoulos Fylís (lån)
Hellas OFI Kreta
Hellas Panathinaikos
Italia Palermo
1 (0)
25 (0)

11 (0)
6 (0)
24 (0)
59 (0)
4 (0)
Landslag
2004-
2009-
Hellas Hellas U21
Hellas Hellas
1 (0)
13 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. september 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 26. august 2011

Tzórvas vart fødd i Athen. Han begynte karrieren sin ved fotballakademiet til Panathinaikos, men hadde vanskeleg for å få kamper for førstelagte der. Han vart lånt ut til fleire lag, Ájos Nikólaos, Markópoulo Mesojéas og Thrasývoulos Fylís, før han vart kalla tilbake til Panathinaikos som reservekeeper i 2005. Då han framleis ikkje fekk A-lagskampar for Panathinaikos gjekk han til OFI Kreta i 2007 i ein bytehandel der keepertalentet Oréstis Karnézis gjekk den andre vegen. På Kreta fekk han spela fast på øvste nivå.

I mars 2008 vart Tzórvas kalla inn som tredjekeeper av landslagstrenaren Otto Rehhagel til ein venskapskamp mot Portugal. Han debuterte for Hellas sitt landslag 19. november 2008 i ein vennskapskamp mot Italia i Pireus, som enda 1-1. På denne tida vart han kjøpt tilbake til Panathinaikos, der han sidan har kjempa seg inn på A-laget. I november 2009 stod Tzórvas i mål for Hellas i begge dei avgjerande kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 mot Ukraina. Han heldt buret reint i begge kampane, Hellas vann 1-0 samanlagt og gjekk til VM.

Kjelder endre