Pireus
Lokalt namn Πειραιάς

Pireus hamn
Geografi
Stad Attikí
Koordinatar 37°57′N 23°38′E / 37.950°N 23.633°E / 37.950; 23.633
Areal 10,865 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Pireus
Hovudsete Pireus (163 688 innb.)
Demografi
Folketal 163 688 (2011[1])
Folketettleik 15 066 /km²

Pireus (gresk Πειραιάς, Pireás; i antikken/katharevousa Πειραιεύς, Peiraieús, på mange andre språk Piraeus) er ein by og ein kommune i periferien Attikí i Hellas, like sør for Aten.[2] Han er ein del av storbyområdet til Aten og er hovudstad i periferieininga Pireus.

Pireus var hamna til Aten i antikken og vart vald som den moderne hamna då Aten vart grunnlagd på ny i 1834. Pireus er den største hamna i Europa (og den tredje største i verda) med omsyn til passasjertransport, og handsamar om lag 19 millionar passasjerar årleg.

Innbyggjartalet til kommunen Pireus (Δήμος Πειραιώς, Dimos Pireós) er om lag 165 000, medan periferieininga (byområdet) har eit folketal på rundt 450 000.

Historie endre

Antikken endre

Pireus har vore busett sidan om lag 2600 fvt.[3] Namnet Pireus tyder om lag «staden ved passasjen». Tidleg i antikken var Pireus ei steinete øy som var forbunde til fastlandet via ei smal landstripe, som var overfløymd det meste av året. Dei få gongane ho tørka opp vart det henta salt frå sletta. Derfor vart ho kalla «Halipedon» (saltslette) og den gjørmete jorda gjorde det vanskeleg å ferdast her. Landstripa fekk stadig tilført avleiring og vart til slutt tørrlagt og etter kvart trygg å fare på. Det var då Pireus vart ei viktig djupvasshamn, og den eldre og grunnare hamna i Fálirobukta gradvis forsvann.

Themistokles var den første som rådde atenarane til å nytte seg av denne hamna, i staden for den ved Faliro. Han venta eit nytt åtak frå persarane (etter slaget ved Marathon) og bygde store festningsverk rundt Pireus, som gjorde hamna til ei militærhamn i 493 fvt.. Skipsverfta som då vart grunnlagd bygde den mektige athenske flåten, som utmerkte seg under slaget ved Salamis (i dag Salamína). I 460 fvt bygde Kimon og Perikles ferdig festningsverka då Pireus vart forbunde til Aten via Dei lange murane. Den opphavlege byen Pireus vart planlagt av arkitekten Hippodamos i det kjende rutenettet han fann opp, sannsynlegvis under Perikles. Hovudagoraen vart kalla opp til ære for han.

Under peloponnesarkrigen var Pireus ei stor athensk hamn. I 404 fvt. vart Munykhia erobra av Thrasybolos og dei i eksil frå Fyle, og under slaget ved Munykhia vart fylearane slått av Dei tretti tyrannane i Aten. Dei tre største våpenlagra i Pireus var Munykhia, Zea og Kanthraos, som innehald 82, 196 og 94 skip på 300-talet fvt.. Som ein hamneby fylgde Pireus skjebnen til Aten. Etter peloponnesarkrigen var over vart Aten okkupert av Sparta. Bymurane rundt Pireus vart rive ned, og trierene i hamna vart anten teke av spartanarane eller brend.

Etter at demokratiet vart gjeninnført bygd Konon opp at bymurane i 393 fvt., gav pengar til templa for Afrodite Euploia, heilagdomen til Zevs Soitros og Athena, og bygden den vidkjende Skevothiki av Filon. Byen vart derimot snart øydelagd av den romerske Sulla, som erobra Pireus i 86 fvt.. Øydelegginga var totalt i 395 evt. då gotarane under Alarik I. I tida under Austromarriket vart hamna i Pireus nytta i fleire periodar, men han låg langt frå hovudstaden Konstantinopel.

Den osmanske perioden endre

I 1456 vart han kjend som «Aslan Liman» ('Løva si hamn') av tyrkarane på grunn av marmorløva som stod der det gamle rådhuset seinare vart bygd.[3] Marmorløva vart flytta og stolen i 1688, under Francesco Morozini sitt felttog mot Aten. Han bar ho til Arsenale di Venezia der ho framleis står i dag. Ein kopi av løvestatuten er utstilt ved Pireus arkeologiske museum.

I tida under Det osmanske riket vart Pireus nesten forlate, bortsett frå ein liten busetnad rundt St. Spyridonas kloster.

Det moderne Hellas endre

 
Attiko Metro stasjon i Pireus.

Då den moderne greske staten vart oppretta i 1832 med Aten som hovudstad, vart hamna igjen ein viktig stad og utvikla seg til eit stor handels- og industrisenter. Folk flytta til byen igjen og han vart raskt den største hamna og den nest største byen i Hellas. Nærleiken til Aten var sterkt medverkande til dette. Byen blømde og flotte bygningar vart oppretta. Ein av dei som framleis står i byen, er teateret. I dag er Pireus den tredje største byen i Hellas og den største hamna.

Bydelar endre

Bydelane i byområdet til Pireus er:

Bydel Kommune Folketal 2011[1]
Pireus Pireus 163 688
Níkea Níkea-Ájos Ioánnis Réndis 89 380
Keratsíni Keratsíni-Drapetsóna 77 077
Korydallós Korydallós 63 455
Pérama Pérama 25 389
Ájos Ioánnis Réndis Níkea-Ájos Ioánnis Réndis 16 050
Drapetsóna Keratsíni-Drapetsóna 13 968

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre