Al-Lubban ash-Sharqiya
Al-Lubban ash-Sharqiya (arabisk اللبّن الشرقية) er ein palestinsk landsby nord på Vestbreidda, 20 kilometer sør for Nablus, i Nablus guvernement. Landsbyen ligg like nord for den historiske Khan al-Lubban karavanserai.
al-Lubban ash-Sharqiya | |||
اللبّن الشرقية, al-Lubban ash-Sharqiyyeh | |||
kommune | |||
Khan Lubban, sør for Lubban ash-Sharqiya
| |||
Namneopphav: Den mjølkekvite - frå dei kvite klippene bak landsbyen[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nablus guvernement | ||
Koordinatar | 32°04′16″N 35°14′28″E / 32.07111°N 35.24111°E | ||
Areal | 12,1 km² | ||
Folketal | 2 500 (2006) | ||
Folketettleik | 207 / km² | ||
Al-Lubban ash-Sharqiya 32°04′16″N 35°14′28″E / 32.071111111111°N 35.241111111111°E | |||
Kart som viser Al-Lubban ash-Sharqiya.
| |||
Wikimedia Commons: Khan Lubban | |||
Nettstad: www.allubban.org.ps |
Historie
endreStaden er blitt identifisert som den israelittiske landsbyen «Lebonah» (Domarane 21:19),[2] men andre meiner denne staden ligg lenger sør.[3] Ein har funne bysantinsk keramikk på staden.[4] Landsbyen vart kalla Lubanum av krossfarane.[5][6]
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina. Under namnet «Lubban as-Sawi» stod landsbyen oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 85 muslimske hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar.[7]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og noterte at han var i dårleg forfatning, men med vakre, gamle element som ein del av husa. Folketalet var estimert til å vere 300.[8]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) landsbyen som høgt oppe i ein ås, med gamle graver i nærleiken.[9]
I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde Al-Lubban ash-Sharqiya (kalla Lubban Sharqi) eit folketal på 356, alle muslimar.[10] I folketeljinga i 1931 hadde al-Lubban ash-Sharqiya 116 busette hus og eit folketal på 474 muslimar og ein kristen.[11]
I 1945 var innbyggjartalet i Lubban Sharqiya 620, alle arabarar, med 12 545 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[12] Av dette var 2 424 mål var plantasjar og irrigert land, 5 605 nytta for korn,[13] medan 34 mål vart utbygd land.[14]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Lubban ash-Sharqiya» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Ellenblum, Ronnie (2003), Frankish Rural Settlement in the Latin kingdom of Jerusalem, Cambridge University Press, ISBN 9780521521871
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2; Samarie, pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter. Cambridge University Press.
- Pringle, Denys (1998). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: L-Z (excluding Tyre). Cambridge University Press. ISBN 0521390370.
- ↑ Palmer, 1881, s.238
- ↑ David A. Dorsey (1987). «Sikem and the Road Network of Central Samaria». Bulletin of the American Schools of Oriental Research: 57–70.
- ↑ Israel Finkelstein, Shlomo Bunimovitz and Zvi Lederman (1985). «Excavations at Shiloh 1981-1984: Preliminary Report». Tel Aviv 12: 123–180.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 816
- ↑ Pringle, 1997, s. 119
- ↑ Pringle, 1998, s. 105
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 131.
- ↑ Guérin, 1875, s. 164-5
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 286
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, UnderNablus sanjak.
- ↑ Mills, 1932, s. 62.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157