Al Khuwayr er ein busetnad i Qatar i kommunen Ash Shamal.

Al Khuwayr
landsby
Land  Qatar
kommune Ash Shamal
Koordinatar 26°4′29″N 51°5′1″E / 26.07472°N 51.08361°E / 26.07472; 51.08361
Kart
Al Khuwayr
26°04′29″N 51°05′01″E / 26.074722222222°N 51.083611111111°E / 26.074722222222; 51.083611111111
Wikimedia Commons: Al Khuwayr

Historie endre

Al Khuwayr vart tidlegare kalla Khor Hassan,[1] som tyder 'vakker vik'.[2] Seint på 1700-talet, slo Rahmah ibn Jabir al-Jalahimah seg ned i Al Khuwayr. Staden var basen hans i striden mot Al Khalifa i Bahrain.[3] Basen til Rahmah i Al Khuwayr var omringa av ei trygg vik som gjorde det vanskeleg for fiendane hans å nå basen. Han heldt til i eit fort med gjørmemurar og det var berre nokre få hytter i nærleiken.[4]

J.G. Lorimer skildra Al Khuwayr i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:

«

Ein landsby på vestkysten av Qatarhalvøya, kring 15 km frå nordenden. Staden vert ofte berre kalla «Khuwair» i motsetnad til «Khor» på den andre sida av halvøya. Khuwair har eit stammefort i god tilstand og er busett av kring 80 familiar frå Kibisah-stamma [Qubaisi], som berre livnærer seg av perledykking og fiske. Dei har 20 perlebåtar [bemanna av 240 mann] fem fiskebåtar og 20 kamelar, men ingen andre ressursar. Drikkevatnet vert henta frå Thaqab, kring 5 km mot søraust. Ein holme utafor Khuwair Hassan vert kalla Jazirat-al-Khuwair.[5]

»

Kjende innbyggjarar endre

Kjelder endre

  1. «Ras ‘Ushairiq / Ruwayda (Qatar): Coastal Heritage Revealed». University of Wales Trinity Saint David. Henta 1. april 2017. 
  2. «The coming of islam». Fanack Chronicle. Arkivert frå originalen 2. april 2017. Henta 1. april 2017. 
  3. 3,0 3,1 McCoy, Lisa (2014). Qatar (Major Muslim Nations). Mason Crest. s. 51. 
  4. «The Scourge of the Pirate Coast». Qatar Visitor. Arkivert frå originalen 6. februar 2017. 
  5. {{cite web|url=http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023909215.0x00002c%7Ctitle='Gazetteer of Arabia Vol. I' [788] (843/1050)|publisher=Qatar Digital Library|accessdate=6. februar 2017, Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
  6. al-Aqlām 1. Wizārat al-Thaqāfah wa-al-Irshād. «وذكر في وفيات الاعيان لابن خنكان ابو نعامة قطري بن الفجاءة واسمه جعونة ين مازن بن يزيد اين زياد ين حبتر بن مالك ين عمرو رين تهيم بن مر التميمي الثسيباني ولد في الجنوب الشرقي من قرية الخوير شمال قطر في»