Al Khor by
Al Khor er ein kystby nord i Qatar, 50 kilometer nord for hovudstaden Doha. Han er kommunesenteret i kommunen Al Khor. Namnet på byen tyder 'bekk' på arabisk, sidan byen ligg ved ei lita elv. Al Khor er heimstaden til mange tilsette i petroleumsindustrien, sidan han ligg nær dei nordlege olje- og gassfelta i Qatar og Ras Laffan industriby.
Al-Khor | |||
الخور | |||
by | |||
Hovudvegen gjennom sentrum, med butikkar.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kommmune | Al Khor kommune | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 31 547 (2004) [1] | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
![]() Al Khor by | |||
Wikimedia Commons: Al Khor | |||
HistorieEndra
Al Khor vart styrt av Al Muhannadi-stamma før sjølvstendet til Qatar i 1971, og denne stamma styrer framleis i dag. Ein trur at Al Muhannadi-stamma som budde i Al Khor oppstod på 1700-talet. Stamma består av sju beduinfamiliar. I dag kjem dei fleste innbyggjarane i Al-Khor frå denne stamma.
J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Khor (då kalla Khor Shaqiq) i 1908:
« |
|
» |
TuristmålEndra
Al Khor er kjend for Al-Sultan strandhotel, eit palass som er omgjort til eit hotell, og for dei mange moderne og historiske moskeane. Hovudnæringa i byen er fiske. Det finst mange strender kring Al Khor, og i strendene i sør er det mange strandhus som innbyggjarar i byen og Doha eig.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Al Khor (city)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Population and social statistics». Qatar Statistics Authority. 2004. Henta 20. mars 2017.
- ↑ «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1754] (1877/2084)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017., Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.