Alaşehir (i antikken og mellomalderen kalla Filadelfia, gresk skrift Φιλαδέλφεια) er ein by og eit distrikt i provinsen Manisa i Egearregionen i Tyrkia. Han ligg i Kuzuçaydalen ved foten av Bozdağ. Byen ligg 105 km langs jernbanen frå İzmir.

Alaşehir
by
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Manisa
Koordinatar 38°21′N 28°31′E / 38.350°N 28.517°E / 38.350; 28.517
Areal 1 015,26 km²
Folketal 105 145 (2020)
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Bilnummer 45
Kart
Alaşehir
38°21′00″N 28°31′00″E / 38.35°N 28.516666666667°E / 38.35; 28.516666666667
Wikimedia Commons: Alaşehir
Nettstad: http://www.alasehir.bel.tr/

Han ligg på ei stor og frodig slette ved Gediz NehriGedizelva. Ei av mineralkjeldene ved byen produserer eit populært vatn i Tyrkia.

Filadelfia vart grunnlagd i 189 fvt. av kong Eumenes II av Pergamon (197-160 fvt.).

Sjølv om fleire byar i antikken hadde namnet Filadelfia, er dette byen som er nemnd som ei av dei sju kyrkjene i Asia av Johannes i Johannes' openberring. Filadelfia er den sjette kyrkja av dei sju. Filadelfia var ein velståande by i Austromarriket og vart kalla Vesle-Aten på 500-talet. Byen vart tekne av seldsjukkane i 1074, men alt i 1098 vart han gjenerobra for Austromarriket av keisar Alexios I. I 1390 vart byen erobra av Det osmanske riket. Grekarane okkuperte byen under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.

Kjelder endre