Opna hovudmenyen

Izmir (tyrkisk İzmir, fram til 1929 Smyrna) er ein stor by heilt vest i Anatolia og den tredje største byen i Tyrkia med 2 783 866 innbyggjarar. Storbyområdet kring Izmir strekkjer seg langs İzmirbukta og innover i landet til nordsida av elva Gediz og aust langs ei elveslette danna av fleire småelvar til meir kupert terreng i sør. I storbyområdet bur kring 3,4 millionar innbyggjarar.[3][4] Den antikke byen vart kalla Smyrna, (Σμύρνη, Smyrnegresk).

Izmir
İzmir
by
View of Konaj Square.jpg
Konakplassen i sentrum av Izmir
Kallenamn: Egearhavet si perle
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Provinsen Izmir
Høgd moh.
Koordinatar 38°26′N 27°09′E
Areal 855,00 km²
Folketal 2 783 866 [1][2]
 - storby 3 366 947
Folketettleik 3 256 / km²
Borgarmeister Aziz Kocaoğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 35xxx
Retningsnummer (+90) 232
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: İzmir
Nettstad: www.izmir.bel.tr

Byen Izmir består av fleire bydelar. Av desse samsvarar Konak med den historiske Izmir, og Konakplassen er framleis sentrum i byen. Dei andre bydelane som utgjer Izmir er Balçova, Bayraklı, Bornova, Buca, Çiğli, Gaziemir, Güzelbahçe, Karabağlar, Karşıyaka og Narlıdere. Nesten alle desse har vore eigne byar og landsbyar i tidlegare tider.

Han er den største eksporthamna og den nest største importhamna i Tyrkia med utførsel av fiken, tobakk, rosiner, bomull og anna. Byen er sete for ei stor årleg internasjonal handelsmesse. Byen har universitet frå 1955. Søraustkommandoen til NATO har hovudkvarteret sitt i İzmir. Her er stor turisttrafikk, mellom anna til dei nærliggande ruinbyane Efesos og Pergamon. Byen har eit arkeologisk museum og Atatürk-museum. Av dei historiske minnesmerka i byen finn ein mellom andre Hisar-moskeen frå 1375, klokketårnet Saat Kulesi oppført til minne om sultanen Abdülhamit, og det romerske teatret frå 54 e.Kr med ei scene i tre etasjar.

HistorieEndra

Smyrna vart grunnlagt som gresk koloni 1100 fvt. og meinast å ha vore heimbyen til Homer. 575 fvt. øydela lydarane byen, som vart gjenoppbygd kring 300 fvt. Smyrna hadde ei blomstringstid under romarane, særleg på 100-talet, med rik byggekunst og vitskap. Byen var bysantinsk til 1000-talet, då han vart erobra av seldsjukkane og gjenerobra 1097 under det første krosstoget. Han kom så under sterk genovesisk innverknad. I 1320 vart han igjen erobra av seldsjukkane, men på ny gjenerobra 1344 av krossfararane. Mongolane tok byen i 1403, og han vart så innlema i Det osmanske riket. Smyrna vart herja av jordskjelv og brannar på 1600–1800-talet, men stadig gjenoppbygd. Under den tyrkisken-greske krigen vart Smyrna erobra av grekarane i 1919 og tilfall Hellas ved freden i Sèvres i 1920. Tyrkarane erobra byen i 1922, og gjennomførte ein særs omfattande massakre. Ulike kjelder reknar at mellom 10 000 og 400 000 mista livet. Byen har vore tyrkisk sidan 1923.

KlimaEndra

İzmir har eit typisk middelhavsklima med lange, varme og tørre somrar, og milde til kjølige, våte vintrar. Den normale årsnedbøren for Izmir er 706 mm, men 77 % av dette kjem frå november til mars. Det er nesten ingen nedbør i det heile frå juni til august.

Klimadata for İzmir
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 13 14 17 21 26 31 33 33 29 24 19 14 22 8
Normal min. temp. °C 4 4 6 9 13 17 21 21 17 13 9 6 4
Nedbør (mm) 112 84 76 43 33 15 5 5 20 53 84 122

relativ fukt 72 69 65 63 60 52 49 49 55 64 70 72 61,7
Normal mengd regndagar 10 8 7 5 4 2 0 1 2 4 6 10 59
Normale månadlege solskinstimar 124 168 186 240 310 360 403 372 300 248 180 124 3 015
Kjelde nr. 1: BBC Weather[5]
Kjelde nr. 2: Klima og temperatur[6]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra