Aldersforsking eller gerontologi er læra om aldring og aldersknytte endringar i livsprosessane frå mogen alder og til individet døyr. Aldersforsking femnar om disiplinar frå grunnleggjande biologi, klinisk medisin, humaniora og samfunnsvitskap.

Aldersforsking skil seg frå geriatri ved at geriatri handlar om sjukdomar knytte til aldring.

I Noreg er det Norsk Gerontologisk Institutt som står for mykje av aldersforskinga. Norsk Selskap for aldersforskning er eit interesseselskap for feltet.

Kjelder endre

«gerontologi» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 8. august 2016.

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.