Opna hovudmenyen

Biologi er læra om organismar og den levande naturen. Det er ein empirisk naturvitskap som undersøker struktur, funksjon, vekst, opphav, evolusjon og utbreiing av liv i no- og fortid. Ein biolog er ein som jobbar med faget biologi.

HistorieEndra

 
Cellebiologi er studiet av celler

Allereie Aristoteles organiserte kunnskap om dyr, plantar og leveviset deira. Teoriane hans heldt seg ganske uendra i fleire hundre år.

Eit viktig neste steg var å finna ut at biologiske vesen var bygde opp av celler. Desse kunne ein først studera på 1600-talet med oppfinninga av mikroskop, men det var først i 1839 at Theodor Schwann og Matthias Jakob Schleiden utvikla celleteorien som sa at celler er grunnsteinen til alt biologisk liv.

1800-talet utvikla Darwin utviklingslæra, om korleis ulike organismar har utvikla seg frå ein felles stamart tilpassa miljøet dei lever i.

Oppdaginga av DNA på 1900-talet førte til eit nytt kvantesprang for biologien. Ho gjorde at ein kunne forstå og påverka arv og utvikling mykje betre.

Retningar innan biologiEndra

Kjende biologarEndra

Endra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Biologi
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.