Aldwych er eit område i City of Westminster i London, og namnet på ei gate som går i ein halvsirkel gjennom området frå Strand til Fleet Street.

Namnet kjem frå gamalengelsk eald og wic, som tyder «gamal avsidesliggjande gard». Staden er nemnt under namnet Aldewich i 1211.

Aldwych undergrunnsstasjon er ikkje lenger i bruk.

Waldorf Hilton på Aldwych

51°30′48″N 0°07′02″W / 51.51333°N 0.11722°W / 51.51333; -0.11722