London

hovudstad i england og Storbritannia

London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekkjer seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med vald borgarmeister og forsamling.

London

London frå lufta
London frå lufta
London frå lufta
Plassering
London is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-London
Grunnlagd Om lag 50 e.Kr.
Borgarmeister Sadiq Khan Sjå dette på Wikidata
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

609 km²
1577.3 km²
Innbyggjarar
 - By (jul. 2010)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

7 825 200
  12 849,3 /km²
8 278 251
12−14 millionar
Koordinatar 51°30′″N 00°07′″EKoordinatar: 51°30′″N 00°07′″E
Høgd over havet 24 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer E, EC, N, NW, SE, SW, W, WC, BR, CR, DA, EN, HA, IG, KT, RM, SM, TN, TW, UB
Telefon-retningsnummer 020, 01322, 01689, 01708, 01737, 01895, 01923, 01959, 01992
Nettstad: www.london.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: London

Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentera i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år.

Sjølve byen har 7 825 000 innbyggjarar (2010),[1] men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal.[2]

Definisjon endre

 
Stor-London si plassering i England.

Når ein skriv «London» reknar ein oftast området kjent som Stor-London, eit område som både er eit grevskap og ein region. Midt inne i dette området ligg City of London, som er eit eige grevskap, lokalt kjent som the City eller the Square Mile. Det urbane området voks kraftig i viktoriansk tid og igjen i mellomkrigstida. I 1940-åra førte andre verdskrig, og vidare lovgiving omkring det grøne beltet, til at veksten stoppa opp.

Det finst mange moglege definisjonar på området London, for eksempel postdistriktet, politidistriktet, området som har London sitt retningsnummer og London sitt pendlarbelte. Desse har sjeldan vore heilt overlappande. Omkring 40 prosent av Stor-London blir dekt av London sine postområde.[3] Området med London-retningsnummer dekker eit omtrent like stort område som Stor-London, men grensene avviker noko. Ein definisjon som har blitt tatt i bruk i mange samanhengar er området innanfor ringvegen M25, og grensa for Stor-London har nokre stader blitt flytta for å bli tilpassa til vegen.

Byen sitt nominelle sentrum er ved Charing Cross, ikkje langt ifrå Trafalgar Square, på omkring 51°30′29″N, 00°07′29″W.

Status endre

 
Tower Bridge med City of London til høgre.

Heile det urbane området blir ofte kalla ein city ut frå ein geografisk definisjon. Administrativt og formelt er dette ikkje korrekt; Stor-London er ein region som blant anna omfattar to cities (City of London og City of Westminster), fleire towns (byar av lågare status), og andre område.

London sin status som hovudstaden i Storbritannia har aldri formelt blitt tildelt eller godkjent skriftleg. London vart kalla hovudstad etter at monarken flytta frå den tidlegare hovudstaden Winchester til London; i mellomalderen var hovudstaden ofte definert som den byen monarken budde i.

Administrasjon endre

London består av 32 bydelar, som kvar er styrt av sitt eige valde bydelsstyre. I perioden 1986–2000 var det bydelane som styrte London, kvar på sitt område, utan eit felles bystyre. Det er ennå eit visst lokalt sjølvstyre i bydelane. Kvar bydel er til dømes ansvarleg for renovasjon og ein del andre offentlege tenester. Dei er delt i to grupper, indre London og ytre London.

City of London er ikkje ein bydel på lik linje med dei andre, men ein sjølvstendig by som ligg midt i London. City of Westminster har også eigen bystatus, men blir administrert som ein vanleg bydel.

Den sentrale administrasjonen, Greater London Authority, består av borgarmeisteren av London og London-forsamlinga. Han blei innført i 2000.

Geografi endre

 
Geologisk kart over London-området.

Stor-London dekkjer eit område på 579 km², som gjer byen til ein av dei største byane i verda etter areal. Eit hovudelement i geografien til byen er Themsen, som renn gjennom byen frå sørvest mot aust og er framkomeleg for båtar. Thames Valley er ein flat dal avgrensa av slake åsar. Sidan det ikkje finst naturlege grenser for veksten til byen, har han ein rundvoren form ut i frå det historiske bysentrumet.

London består av 32 bydelar, som kvar er styrt av sitt eige valde bydelsstyre.

 
Thames Barrier.
Foto: Adrian Pingstone

Themsen var ein gong breiare og grunnare enn i dag, og rann gjennom myrlandskap. Gjennom omfattande bygging av dike har elva blitt smalare. Mange av dei mindre elvane som renn ut i Themsen i London er lagde i røyr. Themsen er ei elv med tidvatn, og byen er derfor sårbar for oversymjingar.[4] På grunn av ei senking av landskapet, har denne faren auka over tid. I 1974 starta ein derfor bygginga av Thames Barrier ved Woolwich for å kontrollere vasstanden. Ein reknar med at ein kan få behov for endå ei demning lenger ned i elva i nær framtid. Themsen blir kryssa av ei rekke bruer og tunnelar, som til dømes London Bridge.

Nullmeridianen, som lengdegradane blir rekna ut frå, går gjennom Greenwich i London. Sidan 1884 har denne staden vore utgangspunktet for all fastsetting av lengdegradsposisjonar.

Klima endre

London har eit temperert klima med regelmessig, lett regn gjennom heile året. Juli er den varmaste månaden, med ein gjennomsnittstemperatur ved Greenwich på 13,6 °C til 22,8 °C. Den kaldaste månaden er januar, med gjennomsnittleg 2,4 °C til 7,9 °C. Den årlege nedbøren er 583,6 mm, og februar er normalt den tørraste månaden.

Snø er uvanleg i sjølve London, trass i at det jamt er snøfall i området omkring; dette grunna at den ekstra varmen storbyen genererer gjer byen omkring 5 °C varmare om vinteren enn områda omkring.

Forureining endre

 
Smog gav atmosfære til Claude Monet sitt måleri av det engelske parlamentet frå 1904.

Mot slutten av vikingtida vart det mangel på ved i London og folk fyrte med kol av dårleg kvalitet. Dette førte til mykje røyk, som blanda seg med skodde. Så tidleg som 1272 la kong Edward den 1. ned forbod mot å fyre med sjøkol.[5] Fleire kongar freista å koma problemet til livs, men så lenge det ikkje fanst noko alternativ heldt folk fram med å nytta kol og problemet auka. Om vinteren kunne røykskodda ligga tjukk fleire månadar i strekk. Når ho var på det verste var det så dårleg sikt at folk gjekk seg vill i sin eigen bydel. Det gjekk på helsa laus og luftvegsjukdommar som bronkitt førte til at folk døydde i hundrevis.[5] Vinteren 1901-1902 var sikten i gjennomsnitt rundt 800 m.[5] I 1952] var det så ille at rundt 4000 menneskje døydde på ein dag.[5] I 1956 vedtok parlamentet ei lov som forbaud fyring med kol i London, og denne gongen vart lova handheva. Etter dette vart londonlufta mykje reinare enn før, men aukande trafikk har ført til at londonlufta framleis er sterkt forureina. Når ein nærmar seg London i bil om vinteren har lufta over byen ofte ein gul-brun farge.

Historie endre

 
Med Tower of London sikra Vilhelm Erobraren seg kontroll over byen.
Foto: Adrian Pingstone
For meir om dette emnet, sjå Historia til London.

Då romarane kom til Dei britiske øyane var det som skulle bli London ein liten landsby i trinovantane sitt område. Byen blir gjerne rekna som grunnlagt av romarane, ca. år 50, då under namnet Londinium. I år 61 blei byen brend ned av icenarane, men han blei raskt bygd opp igjen. Den eldste delen av byen låg nord for Themsen, særleg i dagens City of London. Byen blei tidleg i det 2. århundret hovudstad for provinsen Britannia.

Frå 800-talet og utover blei byen herja fleire gonger av danske og norske vikingar, og i 846-848 kontrollerte vikingar byen. Den siste invasjonen skjedde i 1066, då Vilhelm Erobraren vann slaget ved Hastings og overtok makta i England.

I 1078 starta bygginga av Tower of London. På 1100-talet blei Westminster sete for regjeringa og seinare for parlamentet. Tower of London er Englands best bevarte mellomalderfestning. Den mest sentrale delen av festninga, The White Tower, stod ferdig i 1097. The White Tower har opp gjennom åra vore kongebustad, fengsel, våpenlager og opphaldstad for kronjuvelar.

I 1665 blei byen ramma av pest og 70 000 menneskje døydde. Året etter ramma den store bybrannen London og berre ein femtedel av byen stod igjen etter at over 13 000 hus og 84 kyrkjer blei brende ned.

På slutten av 1800-talet var London den største byen i verda, og var som senter for det britiske imperiet den leiande handels-, industri-, finans- og hamnebyen i verda.

 
Brann og ruinar under Blitzen.

Under andre verdskrigen blei London hardt ramma av bombing. Store område blei lagde i grus; både industri, offentlege bygg og bustadområde blei ramma under «Blitzen», då London og andre britiske byar blei bomba 57 netter på rad. Med skiftande intensitet varte bomberaida heilt til sluttfasen av krigen. Dette har bidrege sterkt til å forma London slik byen er i dag. Slumområde med høg folketettleik i det austlege London blei hardt ramma, då dei låg tett inntil industri og hamner, og mange av dei evakuerte som hadde mista alt blei gjeve nye heimar i offentlege bustadområde i forstadane.

I 1965 blei området til byen kraftig utvida, ved at Stor-London, som både er grevskap og region, blei oppretta. Brorparten av Middlesex og delar av Essex og Surrey blei då tekne opp i byen.

I 2005 blei London utpeika til å halde dei olympiske sommarleikane i 2012, noko som førte til nye, store planar for utbygging i byen. London har tidlegare arrangert OL i 1908 og 1948. Dagen etter OL-avgjerda, 7. juli 2005, blei London ramma av det største bombeangrepet sidan andre verdskrigen. 52 menneskje mista livet og meir enn 700 blei skada då islamistiske terroristar utløyste sjølvmordsbomber på t-banen og ein buss.

Byplanlegging og byutvikling endre

 
Kart over London rundt år 400.

Det romerske Londinium var ein liten by samanlikna med London i dag. Den omfatta eit område som omtrent svarar til City of London. Rundt området var ein bymur, og på romersk vis blei det laga eit tilnærma rettvinkla gatenett. Den mest dramatiske hendinga i denne perioden var då byen brann ned i 61. Oppbygginga ser ut til å ha basert seg på omtrent same mønster som før. På denne tida var det berre éin kryssingsstad over Themsen i London, ei bru som blei bygd omkring år 46.

Då romarane trekte seg ut frå Storbritannia ved starten av 400-talet kom angelsaksarane til makta i området. Kor raskt forfallet av den romerske byen og framveksten av det angelsaksiske London skjedde er uklart, men det ser ut til at gatenettet blei stadig meir uregelmessig. Det kom etterkvart, særleg frå 800-talet og utover, mange kyrkjer i byen. Det er verdt å bite seg merkje ved at London endå ikkje hadde blitt hovudstaden i riket. Med erkebispesetet i Canterbury og Winchester som setet til kongen, var London først og fremst eit handelssentrum grunna Themsen, og ikkje byen med makta.

Etter normannarane si erobring av England i 1066 endra dette seg. Tower of London blei eit viktig kongeleg slott, og Westminsterpalasset blei sete for regjeringa. Med det starta ei ny fase i utviklinga av byen, med fleire slott, administrasjonssenter og kraftigare folkeauke. Denne utviklinga gjekk ikkje føre seg etter nokon plan. Dei sentrale områda av London blei sterkt fortetta, med smale gater og høg folketettleik. Utviklinga omfatta i lita grad dei ytre delane av London i dag; inntil jernbanen kom var det fortsett ei dagsreise til Watford Gap, som i dag ligg rett utanfor grensene til byen. Områda utanfor sentrum var derfor framleis stort sett landsbygd, med nokre få, spreidde byar inntil 1800-talet.

 
John Evelyn sin plan for oppbygging av London etter brannen i 1666.

Etter at store delar av byen brann ned i 1666, starta ein straks å legge planar for ein kontrollert oppbygging. Det skulle bli rette gater for å lette trafikkpresset – allereie i hestekjerrene si tid kunne London ha store trafikk-korkar – og husa skulle ha større avstand og vere bygd av mindre brennbart materiale for å hindre ein ny storbrann. Det skulle også bli gjort noko med sanitærforholda, det hadde pesten året før vist turvtest. Men planlegginga tok tid, og på ei tid kor reguleringslover var vage eller fråverande begynte folket å bygge opp byen. Gatenettet i City of London er derfor like uregelmessig som det hadde vore i mellomalderen, og det er ikkje få smug med kort avstand mellom husa som har overlevd. Det var naturleg at det blei slik; tomtegrensene var bestemde av det gamle vegnettet, og så lenge myndigheitene ikkje greip inn i tide med verkemiddel for å rette ut grensene, bygde folk på branntomtene sine.

 
London Bridge i 1745, medan den framleis var den einaste brua over Themsen i London.

Først i 1750 kom ei ny bru over Themsen på plass, etter at London Bridge hadde vore den einaste sidan romersk tid. På andre stader hadde ein blitt rodd over av ein av dei mange ferjene som låg langs elvebredda. Fleire bruer skulle følgje slik at byen blei knytt tettare saman.

Den neste store utviklinga kom i det 19. hundreåret, då jernbanen kom. Avstandar tydde brått mindre, og ein starta å legge jernbanelinjer som kunne nyttast av pendlarar. Londons Underground opna som den første i verda i 1863, og sjølv om rutenettet var berre ein ørliten del av det som er i dag, tydde det at pendlarane si tid hadde kome. London starta å spreie seg utover, utanfor Middlesex og inn i Surrey, Kent, Essex og Hertfordshire.

Etter første verdskrigen kom ei ny fase i utviklinga i byen. I dei ytre bydelane tok ein til å byggje store bustadområde. Dette blei gjort særleg for å fjerne slumområda på Londons austkant. Enkelte bustadområde blei også bygd spesifikt for å gi heim til veteranar frå krigen. Folk blei også trekte inn til byen frå andre område, og London voks med det både i areal og i folketal. Denne utviklinga blei fornya og forsterka etter andre verdskriget, då behovet for oppbygging var stort etter bomberaida. Det er i det 21. hundreåret få område innanfor grensene til Stor-London som kan minne om landsbygd; inntil 1930-talet hadde ein hatt fleire gardsbruk der det nå er moderne bustadområde og handlegater.

I etterkrigstida kom også dei nye byane, byar som blei grunnlagt for å avlaste eksisterande, fortetta byar. I 1965 blei Milton Keynes, omkring ein times køyring nord for London, grunnlagd, og ein merkbar del av folka der har flytta frå London. Ein har også fått vekst i andre byar i takt med utflytting frå London. London hadde i den siste halvdelen av 1900-talet eit fall i folketalet på omkring ein million som følgje av denne utviklinga.

I sentrum har ein lenge vore tilbakehaldne med å byggje i høgda, fordi ein ønskte å bevare profilen til byen. Stort press på eigedomsmarknaden, spesielt i City, har ført til at det har blitt lempa på desse restriksjonane. Sidan 1970-talet er det blitt reist fleire skyskraparar, og planar om å reisa fleire er blitt både oppmuntra og kritiserte. Det har også blitt utført fornyingsprosjekt fleire stader, med det tidlegare hamneområdet Docklands som eit av dei mest kjende døma.

Demografi endre

 
Etter bombeåtaket i juli 2005 blei det hengd opp fleire banner som dette, der det står «7 million Londoners, 1 London».
Foto: Gerry Lynch
Hovudartikkel Demografien til London.

London var blant dei ti største byane i Europa då folketalet passerte 100 000 på slutten av 1500-talet. I 1750 var talet nesten 700 000 og London hadde passert Paris. Med 960 000 menneskje i 1800 var London den største byen i verda, i eit Europa der berre 23 byar hadde meir enn 100 000 innbyggjarar. Byen var den mest folkerike i verda heilt til 1925, då han blei passert av New York.

  • Folketalet i Indre London (dåverande London fylke) kulminerte tidleg på 1900-talet med 4 536 267 innbyggjarar i 1901. I 2001 var folketalet i Indre London 2 765 975.
  • Det høgaste registrerte folketalet i Stor-London var 8 615 245 i 1939.[6] Gjennom resten av 1900-talet sokk folketalet i Stor-London for kvar folketeljing. Etter tusenårsskiftet har folketalet stege litt att; i 2001 var folketalet i Stor-London 7 172 036.
  • Reknar ein med heile det urbane området, etter definisjonen til ein tettstad, blir talet 8 278 251 ved folketeljinga i 2001. Reknar ein med heile pendlarbeltet til London, eit utvida storbyområde, blir talet mellom tolv og femten millionar avhengig av korleis det blir definert.

London er rangert som den femtande største byen i verda, både etter folketal innanfor offisielle grenser og folketal innanfor det urbane området. Regionen dekkjer 1 579 km², noko som gir ein folketettleik på 4 761/km². Dette er meir enn ti gonger så høgt som andre regionar i England. London er ein av dei dyraste byane i verda å leve i, ved sida av Moskva og Tokyo.[7] London er ein av dei mest fleirkulturelle byane i den industrialiserte verda, med meir enn 300 morsmål og meir enn 50 etniske grupper med meir enn 10 000 personar. Ut ifrå tal frå Office for National Statistics inkluderte folketalet 2 288 000 menneskje fødde i utlandet i 2006, det vil seie 31 %.

Religion endre

Religion Del av folketalet
Kristne 58,2 %
Ikkje-religiøse 15,8 %
Muslimar 4,1 %
Jødar 2,1 %
Sikhar 1,5 %
 
St. Paulskatedralen er den eldste domkyrkja i London.
 
Baitul Futuh Moskeen. Den største moskeen i Vest-Europa.[8]

London har tradisjonelt vore dominert av kristendommen, og har mange kyrkjer; det er spesielt tett mellom kyrkjene i City of London. Den anglikanske kyrkja har to katedralar, St. Pauls katedral og Southwark-katedralen. Erkebiskopen av Canterbury har setet sitt i Canterbury i Kent, men den offisielle residensen er Lambeth Palace i London. Westminster Abbey er formelt sett eit kongeleg kapell, men fungerer som ein «tredje katedral» for den anglikanske kyrka. Den katolske kyrkja har også to katedralar i byen, Westminsterkatedralen og St. Georgs katedral. Dei fleste kristne i London er det først og fremst i namnet, då tala for deltaking i gudstenester er lågare enn i andre delar av landet. Dei fleste andre kristne samfunn er også representert i London.

London har i tillegg til kristendomen tydelege innslag av islam, hinduisme, sikhisme og jødedom. Særleg bydelane Tower Hamlets og Newham har mange muslimar. Den største moskeen er Baitul Futuh i Merton. Hinduane er særleg synlege i Harrow og Brent. I sistnemnde bydel finn ein Neasden Temple, eit av dei største hindutempla i Europa. Sikhane er meir spreidde, men finst særleg i austlege og vestlege bydelar. Eit av dei største sikhtempela utanfor India, Sri Guru Singh Sabha Gurdwara, ligg i London. Fleirtalet av jødane i Storbritannia bur i London, og det er større jødiske samfunn i Stamford Hill (som blir rekna som eit av de mest ortodokse jødiske områda utanfor New York og Israel), St. John's Wood, Golders Green og Edgware.

Økonomi endre

London blir rekna som eit av dei økonomiske «kommandosentera» i verda, saman med New York City og Tokyo.[9]

Byen har større omsetnad enn nokon annan europeisk by, og står for omkring 19 prosent av brutto nasjonalprodukt i Storbritannia. I 2005 var det 219 milliardar pund.[10] Reknar ein med heile det urbane området, med omkringliggjande byar, var resultatet 345 milliardar pund i 2005, det vil seie omkring 30 prosent av BNP i Storbritannia.[11]

 
City of London er det økonomiske sentrum i London.

London gjekk over til ein hovudsakleg tenestebasert økonomi tidlegare enn mange andre europeiske byar; denne overgangen skjedde særleg i åra etter andre verdskrigen. Det er fleire faktorar som har gjort London til eit så viktig økonomisk senter. Som hovudstad for Det britiske imperiet hadde ein eit kontaktnett over heile verda som i stor grad er blitt halde vedlike og utvida. Engelsk er blitt eit lingua franca i internasjonal handel, som også i stor grad tek i bruk engelsk kontraktrett. London er også ein multikulturell by der utanlandske næringsdrivande kan finne ein infrastruktur dei er fortrulege med, og som har eit skattenivå som er forholdsvis lågt, særleg for utanlandske organisasjonar og enkeltpersonar. Nære og gode tilhøve til USA og mange asiatiske land speler også ei rolle. Lokale og nasjonale styringsorgan er innstilt på å setje behova til næringslivet høgt (spesielt i City of London, der det er selskapa som vel medlemmar til City of London Corporation). Til slutt kan ein også nemne at kommunikasjonsstrukturen er svært godt utbygd.

Meir enn 85 prosent av arbeidstakarane i Stor-London, ca. 3,2 millionar, arbeider innan tenesteytande næringar, medan dei resterande er fordelt mellom andre produksjons- og konstruksjonsnæringar.

Det er fem spesielt viktige forretningsdistrikt i London: City, Westminster, Canary Wharf, Camden & Islington og Lambeth & Southwark.

Transport endre

All transport i London er underlagd borgarmeisteren. Hans forvalting har likevel avgrensa kontroll over økonomiske forhold, og ingen kontroll over jernbanenettverket, bortsett frå jernbanelinene som utgjer London Overground. Transport for London (TfL) har fått ansvaret for å administrere både undergrunnsbanen (London Underground), bussnettet, drosjeløyve, Docklands Light Railway, London Overground og all annan offentleg transport i byen.

Bane endre

 
Charing Cross t-banestasjon

London har eit stort t-banenett, nemleg London Underground. Dette er det eldste t-banenettet i verda; planlegginga starta allereie i 1854, og i 1863 kunne banen frakta dei første passasjerane. Nettet har tolv liner, og blir stadig utvida. Det er dagleg meir enn tre millionar reisande i nettverket, noko som gjev nesten ein milliard passasjerar i året.[12] Undergrunnsbanen er spesielt godt utbygt i sentrum og i dei nordlege bydelane, medan ein sørover er meir avhengig av jernbanenettet. På trass av namnet er 55 % av linene over bakken.

Docklands Light Railway er eit eige metrosystem med små, lette, førarlause togsett som særleg dekker det austlege London.

Jernbanetrafikken er fordelt på fjorten endestasjonar som er spreidd rundt i sentrum. Det har sidan starten av 1990-åra blitt arbeidd med ei jernbanetilknyting som skal kryssa byen mellom aust og vest, slik at passasjerane slepp å reisa med andre transportmiddel mellom stasjonar for å kryssa byen. Attåt pendlar- og intercitytog har London også togsamband til Frankrike og Belgia.

Buss endre

 
London er kjent for dei raude toetasjebussane, her i den klassiske utforminga.
Foto: Michael Pead

Bussnettet er svært omfattande, med meir enn 700 ruter. Det er over seks millionar passasjerar dagleg, og i rekneskapsåret som enda i mars 2005 var det blitt frakta 1,79 milliardar passasjerar på Londonbussane.[13]

Luft endre

London har åtte lufthamner, der dei fem største er London City Airport, Stansted, Luton, Gatwick og Heathrow. Sistnemnde er den største, og blir rekna som ei av verdas travlaste lufthamner. Dei tre mindre flyplassane Ashford, Biggin Hill og Northolt, har langt mindre trafikk. Ashford og Northolt har berre innanrikstrafikk, medan dei andre seks er internasjonale flyplassar.

Veg endre

 
Rushtrafikkavgifta Congestion Charge blei innført for å minske personbiltrafikken i det sentrale London.

Medan dei fleste vel kollektivtilbod i det sentrale London, er det i ytre bydelar bilar som dominerer. Byen har fleire ringvegar — ein indre ring som går rundt sentrum, A406 og A205 i forstadane og M25 rundt Stor-London. Det var i 1960-åra planar om å forlenge fleire motorvegar inn i sentrale område, men det blei gått bort frå det meste av dette i 1970-åra. I 2003 blei det innført ei rushtrafikkavgift, Congestion Charge, som hadde som mål å minske personbiltrafikken i sentrum.

Kultur endre

Underhaldning og uteliv endre

I City of Westminster kan ein finne West End. Dette området, som ligg rundt Leicester Square og Piccadilly Circus, er det viktigaste underhaldningsdistriktet i London, med mellom anna teatergata Shaftesbury Avenue og kultursenteret Covent Garden. London blir rekna som ein av dei viktigaste musikal- og teaterbyane i verda. På austkanten, særleg i Shoreditch og Hoxton, finn ein eit underhaldningsdistrikt med ein noko mindre eksklusiv karakter. Den to kilometer lange Upper Street i Islington har fleire barar og restaurantar enn noko anna gate i Storbritannia.

 
London er kjent for gatemarknadar, her Portobello Road Market.
Foto: Adrian Pingstone

Oxford Street blir gjerne rekna som den travlaste handlegata i Europa. Med ei lengd på nesten to kilometer kan den også seiast å vere den lengste handlegata i verda. Meir eksklusive butikkar finn ein særleg i Knightsbridge, med Harrods som den mest kjende. Det er også ei rekkje gatemarknadar, som Camden Market, Portobello Road Market og Borough Market.

Den store etniske spennvidda mellom folk i byen gir det resultatet at ein finn mat frå dei fleste av landa i verda. Nokre område er blitt gastronomiske senter, som Chinatown med sine mange kinesiske restaurantar, Brick Lane med mange bangladeshiske og Edgware Road med mange libanesiske og arabiske restaurantar. London har også svært mange indiske restaurantar, med mattradisjonar frå alle delar av landet representert. Mange stader avslørar restaurantar og butikkar kva etniske grupper som dominerer i området.

Tradisjonelle engelske pubar finn ein alle stader i byen. Fleire av dei er kjende og tradisjonsrike stader, som Ye Olde Cheshire Cheese der Samuel Johnson var stamgjest og Pillars of Hercules som Charles Dickens nemner i ei av sine bøker.

Det er mange årvisse festivalar og hendingar. Notting Hill-karnevalet i august er ein gatefest av karibisk opphav. I november held ein Lord Mayor's Show, ein fleire hundreår gamal seremoni i samband med utnemninga av ny overborgarmester i City of London. Trooping the Colour i juni er ein militær parade med mykje pomp og prakt, i samband med den offisielle fødselsdagen til monarken.

Litteratur og film endre

 
Charles Dickens sette London på det litterære verdskartet med mange ulike skildringar av byen. Illustrasjonen er frå Sketches by Boz.

London har vore scene i mange litterære verk. Blant dei forfattarane som blir sterkast forbundne med byen er Samuel Pepys, som i dagboka si blant anna gir ei augevitneskildring av bybrannen i 1666, og Charles Dickens som skreiv om skyggesidene i det viktorianske London. I den biografiske Life of Johnson (James Boswell) føregår handlinga i London, og boka er kjelda til eit kjent sitat om byen: Samuel Johnson sa at «Når ein mann er trøytt av London, er han trøytt av livet; for i London finst alt livet kan ønskje». Daniel Defoe var også frå London, og skreiv i sin Journal of the Plague Year ei skjønnlitterær forteljing om pesten i London i 1665. William Shakespeare levde store delar av livet sitt i byen, noko også hans samtidige kollega Ben Jonson gjorde. Romanar om Sherlock Holmes, skrive av Arthur Conan Doyle, har sett tydelege spor, blant anna er adressa 221b i Baker Street, der den fiktive hovudpersonen budde, innreidd som eit museum.

Den britiske filmindustrien har vore sentrert omkring London, med større studio i Pinewood, Shepperton, Elstree og Leavesden, kort veg utanfor byen. Svært mange filmar har handling lagt til London. London Film Festival blir halden kvart år i oktober.

Det er også ei rekkje skular innan teaterkunst, som Central School of Speech and Drama, London Academy of Music and Dramatic Art og Royal Academy of Dramatic Art. Mange av dei mest kjende britiske skodespelarane er utdanna ved ein av desse høgskulane.

Musikk endre

 
Royal Albert Hall er ein av dei mest kjente konsertsalane i verda.
Foto: A. Brady

London er ein av musikkhovudstadane i verda, både innan klassisk musikk og moderne musikkformer. Eitt av dei fem største musikkforlaga i verda, EMI, har hovudkvarteret sitt i byen.

Innan klassisk musikk har byen fleire verdskjente konsertsalar og orkester:

Det er to store operahus i London: Royal Opera House og Coliseum Theatre. Ein finn også Royal Ballet og English National Ballet, som opptrer på Royal Opera House, Sadler's Wells Theatre og Royal Albert Hall.

Dei største konsertarenaene innan moderne musikk er Earls Court Exhibition Centre og Wembley Arena. Det er også fleire kjente, meir intime salar, som Brixton Academy og Hammersmith Apollo. Området rundt Charing Cross Road er kjent for å ha mange butikkar som sel moderne instrument og lydutstyr.

Byen har, som det største urbane området i landet, vore sentral i utviklinga av britiske musikkstilar som drum and bass, UK garage, grime og dubstep.

Ifølgje ei undersøking tatt blant 600 internasjonale DJ-ar av DJ Magazine i 2006, hadde London tre av dei beste nattklubbane i verda: Fabric, The End og Turnmills. I 2007 hadde Fabric falle til andreplass og The End til fjerdeplass. Seks andre klubbar i London var med blant dei femti beste.

Idrett endre

London har vore vertskap for sommar-OL to gonger, i 1908 og i 1948. I juli 2005 blei byen tildelt sommar-OL 2012, og London blir med det den første byen som har arrangert OL tre gonger. Den var også vertskap for British Empire Games i 1934.

Den mest populære idretten i London er fotball. Byen har fleire klubbar i The Football League og i FA Premier League (som Arsenal, Chelsea, Fulham, Tottenham Hotspur, West Ham), og andre i dei lågare divisjonane (som Barnet, Brentford, Charlton Athletic, Crystal Palace, Leyton Orient, Millwall, Queens Park Rangers og Watford). Det er også mange klubber utanfor ligaen.

Ein har spelt fotball i London sidan mellomalderen. Den første dokumentasjonen for dette er frå 1314, då spelet blei forbode. På 1500-talet skal Richard Mulcaster, rektoren på St Paul's School, ha organisert den tidlege mobbfotballen til eit regulert spel med lag og dommarar. Londonborgaren Ebenezer Cobb Morley var i 1863 blant grunnleggarane av Football Association, og var ein av dei første som foreslo eit styrande organ innan idretten. Han skreiv dei første moderne fotballreglane i sin heim i Barnes.

London har også fire rugbyklubbar i Guinness Premiership (London Irish, Saracens, Wasps og NES Harlequins); rett nok er det nå berre Harlequins som har heimebane i Stor-London, medan dei andre har flytta ut. Byen har fleire rugbylag i lågare ligaer.

Wembley Stadium er den nasjonale fotballarenaen, og er også finalebane for FA-cupen og Challenge Cup. Twickenham Stadium er den nasjonale rugbyarenaen, med ein kapasitet på 82 000 tilskodarar.

Dei viktigaste cricketbanane er Lord's i St John's Wood og The Oval i Kennington.

Wimbledon Tennis Championships er eitt av dei mest kjende årlege idrettsarrangementa i London. Andre årvisse arrangement er London Marathon med rundt 35 000 deltakarar og Oxford vs. Cambridge Boat Race på Themsen mellom Putney og Mortlake.

Sommar-OL 2012 endre

Sommar-OL 2012 blei arrangert frå 27. juli til 12. august 2012, og var den tredje gongen London arrangerte sommar-OL. Olympiaparken blei bygd i Stratford i Aust-London.

Utdanning og forsking endre

 
Royal Holloway, eit av kollegia i University of London.

London har eit stort tilbod innan høgare studium, med ei rekkje universitet og høgskular. Det er omkring 390 000 studentar i byen[14] og byen er også eit sentrum for forsking innan mange område. Grunnskulesystemet er praktisk talt det same som i resten av England, med ei blanding av offentlege og private skular.

University of London er med 125 000 studentar det største universitetet i Europa ut frå kor mange som studerer der. Det består av tjue kollegi og fleire mindre institutt som har ein høg grad av autonomi. Studentane blir knytt direkte til ei av desse mindre einingane. Nokre av dei, som Imperial College London og London School of Economics, er blitt rekna med blant dei beste lærestadene i verda; mellom anna blei Imperial rangert som nummer 9 og LSE som nummer 17 i Times Higher Education Supplement.[15] Det finst også andre universitet, som Brunel University, City University, London Metropolitan University, Middlesex University, University of East London, University of Westminster og London South Bank University. Nokre av dei er svært gamle, medan andre er høgskular som fekk universitetsstatus i 1992.

Mange av musea i London er, i tillegg til å vere turistattraksjonar, også sentrale innan forsking. Dette gjeld ikkje minst Natural History Museum, Science Museum, Victoria and Albert Museum og British Museum. British Library er det største nasjonalbiblioteket i landet, med 150 millionar bind.

Galleri over kjende stader i London endre

Høge bygg endre

Museum endre

Parkar endre

London er kjend for parkane sine. Desse fire dannar ei nesten samanhengande rekkje med parkar, og blir ofte kalla den grøne lunga.

Sakralbygg endre

Andre attraksjonar endre

Litteratur endre

Kjende personar frå London endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. http://www.statistics.gov.uk/cci/nugget.asp?id=1155
  2. http://www.statistics.gov.uk/cci/nugget.asp?id=384
  3. HMSO, The Inner London Letter Post, 1980
  4. "Flooding" - Environment Agency, henta 26. oktober 2006.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Urbinato, D., London's Historic "Pea-Soupers", U.S. Environmental Protection Agency, 1994.
  6. Population of London-www.cch.kcl.ac.uk, arkivert frå originalen 11. november 2011, henta 18. mai 2008 
  7. CNN Money Worlds Most Expensive Cities 2004
  8. http://www.guardian.co.uk/uk/2003/oct/02/religion.world Den største moskeen i Vest-Europa.
  9. Saskia Sassen, The Global City: New York, London, Tokyo, 2. utgåve, Princeton University Press 2001
  10. «London's Place in the UK Economy, 2005-6» Arkivert 2006-05-25 ved Wayback Machine., s. 8, Oxford Economic Forecasting for Corporation of London, november 2005. Henta 2006-06-19.
  11. «The Economic Positioning of Metropolitan Areas in North Western Europe» Arkivert 2008-06-24 ved Wayback Machine., The Institute for Urban Planning and Development of the Paris Ile-de-France Region, desember 2002
  12. «How to Best Use the London Underground» Arkivert 2010-12-24 ved Wayback Machine., The Travel Insider, 4. juli 2004, vitja 18. mai 2008.
  13. Transport for London - Buses, henta 2007-02-07.
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. desember 2006, henta 19. mai 2008 
  15. http://education.guardian.co.uk/higher/worldwide/story/0,,1888151,00.html

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: London
  Reiseguide for London frå Wikivoyage