Alentejo er ein region sør i sentrale delar av Portugal. Namnet kjem av Além-Tejo, som betyr «bortanfor Tejo» eller «på andre sida av Tejo». Regionen grensar til elva Tejo i nord og til Algarve i sør. Han er delt inn i fem underregionar, Alto Alentejo, Baixo Alentejo, Alentejo Central, Alentejo Litoral og Lezíria do Tejo. Dei største byane er Évora (regionshovudstad), Santarém (som tidlegare høyrte til Ribatejo), Portalegre, Beja og Sines. Han hadde 705 478 innbyggjarar i 2018 og eit areal på 31 567 km².

Alentejo
region
Land  Portugal
Hovudstad Évora
Areal 31 567 km²
Folketal 705 478 (2018)
Kart
Alentejo
38°N 8°W / 38°N 8°W / 38; -8
Wikimedia Commons: Alentejo

Han er ein av sju regionar i Portugal.

Typisk landskap på landsbygda i Alentejo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Alentejo
  Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.