Aleqa Hammond

dansk politikar

Aleqa Hammond (fødd 23. september 1965 i Narsaq) er ein grønlandsk politikar. Ho var statsminister på Grønland frå 2013 til 2014 og representerte partiet Siumut.[1]

Aleqa Hammond

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 23. september 1965 (59 år)
Narsaq
Yrke politikar
Språk dansk
Tittel Folketingsmedlem
Periode 18. juni 2015–5. juni 2019
Tittel Grønlands statsminister
Periode 5. april 2013–30. september 2014
Føregangar Kuupik Kleist
Etterfylgjar Kim Kielsen
Politisk parti Siumut, Nunatta Qitornai
Religion Den nyapostoliske kirke
Aleqa Hammond på Commons

Bakgrunn

endre

Hammond er fødd i Narsaq, men vaks opp i Uummannaq.[1] På morssida tilhøyrer ho ei grønlandsk grein av den norsk-danske slekta Hammond.[2] Før ho blei politikar jobba ho med turisme i Diskobukta, Nuuk og Qaqortoq.[1]

Karriere

endre

I 2005 blei Hammond vald inn på Grønlands landsting, og blei familie- og justisminister. Frå 1. juli 2007 til 12. juni 2009 var ho finans- og utanriksminister.[1] Ho blei 2. juni 2009 formann i Siumut.

I mars 2013 leia Hammond partiet til valsiger. Ho blei dimed den fyrste kvinnelige statsministeren på Grønland.[3]

I oktober 2014 førte Hammond sitt misbruk av offentlege middel til private føremål til regjeringskrise. Hammond trekte seg som partileiar.[4] Det blei utlyst nyval.[5] Kim Kielsen overtok som partileiar og fungerande regjeringssjef.[6]

I 2015 blei Hammond den eine av to representantar frå Grønland i det danske Folketinget, som representant for Siumut.[1] I 2016 blei ho ekskludert av Siumut, etter å ha misbrukt kredittkortet til Folketinget til private føremål.

I 2018 slutta Hammond seg til Nunatta Qitornai, eit utbrytarparti frå Siumut.[1] Ho stilte til val ved landstingsvalet på Grønland, men blei ikkje vald. Ho gjekk ut av Folketinget i 2019.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Aleqa Hammond (NQ)» (på dansk). Folketinget. Henta 16. august 2021. 
  2. Ostermann, Hother (1938). «En grønlandsk gren av slekten Hammond». Norsk Slekthistorisk Tidsskrift VI: 199–208. 
  3. «Ny politisk stjerne til topps på Grønland» , Aftenposten, 13. mars 2013.
  4. «Regjeringsleder i hardt vær», NRK, 2. oktober 2014. Lest 1. november 2014.
  5. «Regjeringskrise på Grønland», adressa.no, 2. oktober 2014. Lest 1. november 2014.
  6. «Portræt: Tidligere betjent skal rydde op i Siumut», Børsen, 18. oktober 2014. Lest 1. november 2014.