Aleutar
Aleutar (aleut blir uttalt /aleˈut/) er ei urfolksgruppe i Alaska frå øygruppa Aleutane. Det aleutiske pråket tilhøyrer den eskimoisk-aleutiske språkfamilien og har nokre få hundre talarar. Engelsk og i russiske område russisk er dominerande språk i dag.
Næringslivet blant aleutar er basert på kommersielt fiske. Tidlegare var fangst av sjøpattedyr viktig, men etter at rusarane kom til Aleutane på 1700-talet, måtte mange ta opp pelsdyrfangst i staden. Særleg havoter var ettertrakta. Den russiske koloniseringa førte til ein dramatisk reduksjon i folketalet til aleutane. Russarane påverka også religionsforma, som blei russisk-ortodoks, og kyrkjespråket, som blei russisk. Også mange skandinavar slo seg ned blant aleutane blei innlemma i samfunnet.
Kjelder
endre- «Aleut», Store norske leksikon, 9. desember 2010, henta 26. juli 2016Denne samfunnsartikkelen som har med USA og Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.