Russisk

austslavisk språk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Russisk (fleirtyding).

Russisk er eit av dei indo-europeiske språka, på den slaviske språkgreina saman med mellom andre polsk, ukrainsk, tsjekkisk, slovakisk, bulgarsk, slovensk og serbo-kroatisk. I lag med ukrainsk og belarusisk utgjer russisk dei tre austslaviske språka. Russisk er det mest utbreidde slaviske språket. Nyare overslag for russisktalande varierer mellom 145 og 160 millionar menneske.

Russisk
русский язык, russkij jazyk
Klassifisering Indo-europeisk
 Slavisk
  Austslavisk
   Russisk
Talarar russarar
Bruk
Tala i Russland og til ein viss grad dei tidlegare sovjetiske statane.
Russisktalande i alt 145 031 000[1]
Rangering 8. plass
Skriftsystem Kyrillisk

(russisk variant)

Offisiell status
Offisielt språk i Russland, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan, Abkhasia (Georgia)
Normert av Det russiske språkinstituttet
Språkkodar
ISO 639-1 ru
ISO 639-2 rus
ISO 639-3 rus

Ortografi endre

Russisk språk blir skrive med kyrilliske bokstavar,

Utbreiing endre

Russisk blir tala i Russland og av etniske russarar og andre russiskspråklege (ukrainarar, belarusarar, polakkar, jødar, tatarar og andre som nyttar russisk) i andre tidlegare delar av Sovjetunionen og/eller Tsar-Russland. Tilhøva i grannelanda Belarus og i Ukraina er særskilt forvite å fylgja med på sidan ukrainsk, belarusisk og russisk er nærskylde aust-slaviske grannespråk med mykje felles historie. I Belarus er russisk det dominerande språket, òg mellom etniske belarusarar. Ukraina har russisktalande i heile landet, men færrast i vestre og eit tyngdepunkt i austre helvta av landet. Her er det òg flest etniske russarar. Alt i alt skal Ukraina ha 17,3 % etniske russarar, og mellom 29,6 % og 43-46 % russiskspråklege.

 
Den russiskspråklege verda.

I tillegg til Russland har russisk òg offisiell status i Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan, den autonome republikken Krim i Ukraina og i den ikkje godkjende utbrytarrepublikken Transnistria i Moldova. Russisk er eit av dei seks offisielle språka i Dei sameinte nasjonane (SN).

Om russisk skal få offisiell status er eit splittande spørsmål i ukrainsk politikk. Sameleis i Latvia (med 41 % russiskspråklege).

I Noreg blir det undervist i russisk som andre framandspråk på eit fåtal vidaregåande skular. Universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim og høgskulen i Finnmark underviser i russisk språk.

Grammatikk endre

Fonologi endre

Russisk har seks vokalar, som vist i tabellen nedanfor. Det er det klassiske femvokalsystemet i, e, a, o, u, pluss ein lukka midtre urunda vokal, som blir skrive ы.

Russiske vokalar
  fremre midtre bakre
lukka i ɨ u
halvopen e   o
open   a  

Russiske konsonantar:

Konsonantar
  bilabial labio-
dental
alveolar post-
alveolar
palatal velar
Plosivar p b   t d     k g
Affrikatar     ts tʲʃʲ    
Nasalar m   n      
Vibrantar     r      
Frikativar   f v s z ʃ ʒ   x
Approksimantar         j  
Lateralar     l      

Morfologi endre

Russisk har, til indoeuropeisk språk å vere, ein relativt konservativ morfologi. Substantiva og dei andre nominale ordklassene blir bøygd i seks kasus, verba i person og tal. Spesielt for russiske verb er grammatikaliseringa av perfektivitet: Kvart verb er eigentleg eit par av to ulike verb, der det eine blir brukt til å referere til avslutta og det andre til uavslutta handlingar.

Dialektar endre

I den europeiske delen av Russland finst det tre store regionale dialektgrupper: nord-, mellom- og sørrussisk. Desse regionale gruppene kan så vidare delast inn i meir lokale dialektar. I høve til dei store avstandane i Russland er det etter måten mindre variasjon enn i mange andre europeiske land, men nokre dialektar er likevel så forskjellige at det er vanskeleg å forstå einannan.

Nordrussisk endre

Nordrussisk kan avgrensast av ei nordaustleg linje frå Ladogasjøen via Novgorod og Jaroslavl til Josjkar-Ola. Denne dialekten har ein klar uttale og ustemt «o» (оканье – okanje), guttural «g» og ein hard «t». Dei nordrussiske dialektane kan grovt klassifiserast etter geografisk område:

Mellomrussisk endre

Mellomrussisk vert tala i eit område som ligg mellom Sankt Petersburg, Novgorod, Jaroslavl og Tsjeboksary i nord, til Velikije Luki, Moskva og Penza i sør. Men det er ikkje skarpe grenser og dette området er farga både av nord- og sørrussisk. I vest finn ein ustemt «o». Mellomrussisk vert ofte delt i fyljande geografiske dialektar:

  • vestmellomrussik i Pskov
  • vestmellomrussik i Novgorod
  • austmellomrussisk i området rundt Moskva
  • austmellomrussisk i området rundt Jegorjevsk
  • austmellomrussisk i området rundt Temnikov
  • austmellomrussisk i området rundt Vladimir

Sørrussisk endre

Sørrussisk vert tala i områda sør for Velikije Luki, Rjazan og Tambov. Her vert ustemt «o» uttala som «a», dei har frikativ-«g» og blaut «t». Sørrussisk vert delt i dei geografiske dialektane:

Kjelder endre

  1. Russian, Ethnologue, 2000.

Bibliografi endre

Ordbøker endre

  • Berkov, V. (red.), Stor russisk-norsk ordbok, Kunnskapsforlaget, 2000.
  • Berkov, V. (red.), Stor norsk-russisk ordbok, Kunnskapsforlaget, 2000.

Grammatikk endre

  • T.R. Carleton, Introduction to the Phonological History of the Slavic Languages, Columbus, Ohio : Slavica Publishers, 1991
  • B. Comrie, G. Stone, M. Polinsky, The Russian Language in the Twentieth Century, 2nd. ed. Oxford, Clarendon Press, 1996
  • Mathiassen, Terje, Russisk grammatikk, Oslo, Universitetsforlaget, 1996.
  • W.K. Matthews, Russian Historical Grammar, London, University of London, Athlone Press, 1960
  • A. Stender-Petersen, Anthology of old Russian literature, New York, Columbia University Press, 1954
  • Иванов В.В. Историческая грамматика русского языка. "Просвещение", М., 1990.
  • Цыганенко Г. П. Этимологический словарь русского языка. Киев, 1970.
  • Т. Н. Михельсон, Рассказы русских летописей XV–XVII веков. М., 1978
  • Н.М. Шанский, В.В. Иванов, Т.В. Шанская. Краткий этимологический словарь русского языка. М. 1961.
  • А. Шицгал, Русский гражданский шрифт, "Исскуство", Москва, 1958, 2-e изд. 1983.
  • Л. П. Жуковская, отв. ред. Древнерусский литературный язык и его отношение к старославянскому. М., «Наука», 1987.

Sjå òg endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.