Alevtina Oljunina

Alevtina Sergejevna Oljunina, fødd Smirnova, (fødd 15. august 1942) er ein russisk tidlegare langrennar frå Ptsjolkino i Kostroma oblast. Ho vart verdsmeister på 10 km i 1970 og vann stafett-gull med Sovjetunionen i same ski-VM og ved Vinter-OL 1972 to år etter.

Alevtina Oljunina
Fødd 15. august 1942
Yrke langrennsløpar

Alevtina Smirnova vart nummer elleve på 10 km under Vinter-OL 1968 i Grenoble. To år seinare vann ho, som Alevtina Oljunina, gullmedaljen på same distansen då Ski-VM 1970 fann stad i Strbske Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia. Med den prestasjonen fekk ho gå siste etappen for Sovjetunionen sitt vinnarlag i 3 x 5 km stafett, dei andre gullvinnarane var Nina Fjodorova og Galina Kulakova. To år seinare vart Oljunina olympisk meister i 3 x 5 km stafett i lag med nemnde Kulakova og Ljubov Mukhatsjova. Elles i Sapporo-OL 1972 tok ho sølvmedaljen på 10 km og ho vart nummer fire på 5 km, eitt tidels sekund bak bronsevinnaren.

KjelderEdit

Sportsboken, aktuelle årgangar.