Galina Aleksejevna Kulakova, (russisk: Галина Алексеевна Кулакова), (fødd 29. april 1942) er ein sovjetrussisk, tidlegare langrennsløpar frå landsbyen Logatsji i Udmurtia. Ho var verdas beste langrennsløpar i fyrste halvdelen av 1970-talet. Kulakova vann fem VM-gull og totalt fire OL-gull.

Galina Kulakova

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 29. april 1942 (81 år)
Yrke langrennsløpar, trenar
Språk russisk
Høgd 160 centimeter
Galina Kulakova på Commons

Aktiv endre

Kulakova kom med på Sovjetunionen sitt OL-lag i 1968 og vart landets beste løpar på 10 km med ein sjetteplass og tok deretter sølvmedaljen på 5 km, slått av svenske Toini Gustafsson med 3,2 sekundar. Kulakova gjekk så ankerettapen i 3 x 5 km stafett, men makta ikkje å blande laget inn i gullkampen, der Noregs kvinner overraskande vart olympiske meistrar framom Sverige.

I Ski-VM 1970 opna Kulakova med å ta bronsemedaljen på 10 km, før ho på 5 km tok sin fyrste internasjonale meistertittel. Til sist i meisterskapen fekk ho VM-gull i stafetten over 3 x 5 km, saman med Nina Fjodorova og Alevtina Smirnova. Både under Vinter-OL 1972 i Sapporo og i Ski-VM 1974 i Falun vann Kulakova alt som var å vinne; ho sigra på 5 km og 10 km ved begge høva, og ho avgjorde stafettane for Sovjetunionen både i Sapporo og i Falun.

Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck gjekk Kulakova inn til bronse på 5 km, men mista medaljen for bruk av eit nasespray som inneheldt efedrin. Ho fekk likevel halde fram å delta i leikane og tok bronsemedaljen på 10 km og fekk sølv i 4 x 5 km stafett. Kulakova opna Ski-VM 1978 i Lahti med to fjerdeplassar, på 5 km og 10 km, og måtte på stafetten sjå seg slått av Finland og DDR sine ankerkvinner i kampen om gull og sølv. På den nye distansen over 20 km kjempa ho med landskvinna Zinaida Amosova om VM-tittelen, og måtte gje tapt med vel sju sekundars margin.

Både under Vinter-OL 1980 og i Ski-VM 1982 deltok Kulakova på Sovjetunionen sitt stafettleg, som ved begge høva tok sølvmedalje. I 1980 tok ho sin siste individuelle medalje då ha vart nummer to på 20 km under VM i Falun, øvinga vart arrangert som eige meisterskap ettersom ho enno ikkje var teken med på OL-programmet. Kulakovas siste VM-løp fann stad i Holmenkollen under Ski-VM 1982, der ho vart nummer fem på 20-kilometeren.

Kulakova la opp i 1982. Ho er tildelt Leninordenen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar