Alexander Kristoff
Alexander Kristoff (fødd 5. juli 1987) er ein norsk syklist. Han vart profesjonell i 2010-sesongen for det amerikanske sykkellaget BMC Racing Team. Frå 2012-sesongen sykla han for det russiske laget Team Katusha.
Syklist | |
---|---|
Namn | Alexander Kristoff |
Kallenamn | Alex |
Fødd | 5. juli 1987 (37 år) |
Fødestad | Noreg Oslo i Noreg |
Laginformasjon | |
Lag | Katjusja |
Disiplin | Landevegssykling |
Ryttartype | Spurtar |
Profesjonelle lag | |
2010-2011 2012- |
BMC Racing Team Katjusja |
Det var stefaren som gjorde Kristoff interessert i sykling. Som 9-åring flytta han frå Oslo til Stavanger og valde sykkel framfor fotball. Han starta karrieren med å sykle for Stavanger SK og det danske laget Glud & Marstrand Horsens (2006) før han gjekk over til Team Joker Bianchi.
Som 16-åring vann han ungdoms-NM og tok 4. plass i ungdoms-OL.[1]
I 2007 vart han som 19-åring noregsmeister i landevegsritt ved å slå Thor Hushovd i spurten. Kristoff har tre gull i NM for junior.
I 2012 vann Kristoff sin første siger som profesjonell syklist, då han vann etappe 3a i De Panne-Koksijde. Han tok også bronse under landevegsrittet i sommar-OL 2012.
Merittar
endre- 2007
- Noreg Noregsmeister på landeveg
- 2008
- Noregsmeister gateritt
- Etappeseier Ringerike Grand Prix
- 2009
- Noregsmeister på landeveg (U23)
- Noregsmeister gateritt
- Etappeseier Ringerike Grand Prix
- 2. plass 2. etappe i Tour of Britain
- 2010
- 3. plass Philadelphia International Championship
- 3. plass 1. etappe Tour of California
- 4. plass Vattenfall Cyclassics
- 2011
- Noreg Noregsmeister på landeveg
- 2012
- 1. plass, etappe 3a De Panne-Koksijde, sykla i leiartrøya på to etappar
- 3. plass, bronse, landevegsrittet i sommar-OL.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexander Kristoff» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ OL er et mål, men Tour de France er drømmen for Alexander, Dagbladet, 29. august 2008
Bakgrunnsstoff
endre- Yngstemann ble bestemann bt.no – 1. juli 2007