Alexandra av Frederiksborg
Alexandra (fødd Alexandra Christina Manley, 30. juni 1964 i Hongkong) er den tidlegare kona til prins Joachim av Danmark. Dei vart gift 18. november 1995, tok ut separasjon 22. september 2004 og vart skilt 8. april 2005.
Alexandra | |||
| |||
Fødd | Alexandra Christina Manley 30. juni 1964 Hongkong | ||
---|---|---|---|
Tittel | Grevinne av Frederiksborg | ||
Alle titlar | 1995–2005 Prinsesse av Danmark 2005–i dag Grevinne av Frederiksborg | ||
Fullt namn | Alexandra Christina | ||
Land | Kongeriket Danmark | ||
Mor | Christa Maria Nowotny | ||
Far | Richard Nigel Manley | ||
Ektefelle | 1995–2005 Joachim av Danmark 2007–i dag Martin Jørgensen | ||
Barn | Prins Nikolai, Prins Felix |
I samband med fødselsdagen til dronning Margrethe II av Danmark 16. april 2005 vart prinsesse Alexandra tildelt tittelen grevinne av Frederiksborg.
3. mars 2007 vart ho gift med den fleire år yngre Martin Jørgensen. Jørgensen er ein filmfotograf og har vore med på å lage programmar om den danske kongefamilien. Han har frå før ei dotter. Vigsla fann stad i Øster Egede kirke på Sydsjælland. Hennar to søner, prinsane Nikolai av Danmark og Felix av Danmark, var dei einaste frå kongefamilien som var til stades.
Ho er etter bryllaupet ikkje lenger medlem av det danske kongehuset, men held tittelen grevinne av Frederiksborg.
Namn og titlar
endre- 1964–1995: Alexandra Christina Manley
- 1995–2005: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark
- 2005–2007: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark, grevinne av Frederiksborg
- 2007– i dag: Grevinne Alexandra Christina av Frederiksborg
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexandra, grevinne av Frederiksborg» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Alexandra af Frederiksborg» frå Wikipedia på dansk, den 8. desember 2011.