Margrethe II av Danmark
Dronning Margrethe II av Danmark (fødd 16. april 1940) har sidan 14. januar 1972 vore regjerande dronning og statssjef i Danmark.
Margrethe II | |||
![]() | |||
Dronning av Danmark | |||
Periode | frå 14. januar 1972 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid | ||
Fødd | 16. april 1940 (83 år) i Amalienborg slott i København | ||
Fødestad | Amalienborg | ||
Mor | Ingrid av Danmark | ||
Far | Fredrik IX av Danmark | ||
Ektefelle | Prins Henrik av Danmark | ||
Barn | |||
Motto | Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien | ||
Føregangar | Frederik IX av Danmark | ||
Etterfølgjar | Kronprins Frederik av Danmark |
Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid blei fødd i 1940, like etter at tyske styrkar hadde invadert Danmark. Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broren til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf.
I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde late det bli med tanken, ettersom ei endring kravde at 45 % av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølgje med i endringa, slik at fleire ville røysta for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa berre såvidt vedteken, med 46 % deltaking. Tronfølgjelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølgja.
Margrethe II høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.
Mellom ordenane hennar høyrer også Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden med.
Titlar endre
- 1940–1944: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark og Island
- 1944–1972: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark
- 1972– i dag: Dronning Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid II av Danmark
-
Dronning Margrethe IIs monogram
-
Prins Henrik og Dronning Margrethe IIs fellesmonogram
-
Dronning Margrethe II på eit færøysk frimerke
-
Laura Bush, George W. Bush, Dronning Margrethe II og Prins Henrik, 5. juli 2005
-
Dronning Margrethe II og Prins Henrik ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010