Alexandra Beverfjord
Alexandra Haugland Beverfjord (fødd 2. juni 1977) er ein norsk redaktør, journalist og forfattar. Ho vart ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Dagbladet i april 2018.[1]
Alexandra Beverfjord | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1977 (47 år) Trondheim |
Yrke | journalist, redaktør, direktør, sosialantropolog, handelsskulekandidat, forfattar |
Alexandra Beverfjord på Commons |
Journalisme
endreBeverfjord starta journalistkarrieren i Adresseavisa i Trondheim der ho jobba meir eller mindre samanhengande frå 1996 til 2001. I 2001 vart ho tilsett i Dagbladet.[1] Beverfjord er utdanna innan sosialantropologi, med mastergrad frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2002 på ei oppgåve om rehabilitering av unge rusmisbrukarar.[2] Ho vart utgåvesjef for Dagbladet Magasinet i 2005, og var nyheitsredaktør i Dagbladet 2010 til 2013.[1]
1. oktober 2013 vart ho reportasjeredaktør i NRK Nyheiter, og var ein av fire redaktørar som leia nyheitsdivisjonen i rikskringkastinga. I oktober 2015 overtok ho som nyheitsdirektør i NRK Nyheiter etter Per Arne Kalbakk.[3]
Forfattar
endreAlexandra Beverfjord er forfattar ved sida av journalist- og redaktørgjerninga. Ho debuterte med romanen Kretsen, der handlinga var lagt til eit journalistmiljø i hovudstaden. I 2011 vart ho tildelt «Maurits Hansen-prisen - Nytt Blod» for debutromanen.
Bibliografi
endre- Det bor et barn i mitt hjerte (2009) Med Atle Dyregrov og Aida Løver. ISBN 978-82-05-38471-2
- Kretsen (2010) ISBN 978-82-05-40105-1
- Kronprinsen (2012) ISBN 978-82-05-43011-2
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 NRK (30. april 2018). «Beverfjord blir Dagbladets nye sjefredaktør». NRK (på norsk bokmål).
- ↑ Alexandra Beverfjord: En underverden : unge rusmisbrukere i rehabilitering Hovedoppgave i sosialantropologi – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2002
- ↑ «Alexandra Beverfjord blir nyhetsdirektør i NRK». Henta 30. oktober 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Alexandra Beverfjord» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2021.