Alexandra av Storbritannia

Alexandra (1. desember 184420. november 1925) var prinsesse av Danmark og dronning av Storbritannia. Ho var gift med Edvard VII av Storbritannia og mor til mellom anna kong Georg V av Storbritannia og dronning Maud av Noreg.

Alexandra av Storbritannia
Alexandra of Denmark02.jpg
FøddAlexandra Caroline Marie Charlotte Louise Julia
1. desember 1844
Det gule palé
Død20. november 1925
Sandringham House
TittelConsort of the United Kingdom of Great Britain and Ireland
Alle titlarPrinsesse av Danmark, prinsesse av Wales, hertuginne av Cornwall, hertuginne av Rothesay, grevinne av Chester, dronning av Storbritannia, keisarinne av India
Hus eller slektFyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, House of Saxe-Coburg and Gotha (United Kingdom), Fyrstehuset Windsor
GravstadSt. George's Chapel, Windsor i Berkshire
LandDanmark
MorLouise
FarKristian IX av Danmark
EktefelleEdvard VII av Storbritannia
BarnAlbert Victor, hertug av Clarence og Avondale, Georg V av Storbritannia, Louise av Storbritannia, Prinsesse Victoria av Storbritannia, Maud av Noreg, Prince Alexander John of Wales

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Alexandra var det nest eldste barnet og den eldste dottera til prins Christian av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Glücksborg (den seinare Christian IX av Danmark) og Louise av Hessen-Kassel. Ho fekk namna Alexandra Caroline Marie Charlotte Louise Julia då ho blei døypt, men var kjend under namnet Alexandra, som også var namnet på den nyleg avdøde svigerinna til Louise, storfyrstinne Aleksandra Nikolajevna av Russland.

Då Alexandra blei fødd var faren hennar framleis berre prins av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Glücksborg, ei fjern og ubetydeleg sidelinje til det danske kongehuset, som stamma frå Kristian III. Statusen til familien blei endra i 1853, då faren hennar blei gjort til dansk tronarving. Bakgrunnen var utsikta til at den oldenborgske slektslinje som sat på trona ville døy ut. Respekten til familien steig deretter betydeleg, og Alexandra blei prinsesse av Wales.

Ekteskap med prins Albert EdvardEndra

Ho gifta seg 10. mars 1862 med prins Albert Edvard, fyrsten av Wales, på Windsor slott.

Svigermor hennar, dronning Victoria, var ikkje glad for dei politiske problema som følgde då Bertie blei gift med ei dansk prinsesse. Alexandra agiterte for britisk intervensjon på dansk side under krigen mellom Danmark og Tyskland i 1864, og i 1890 sendte ho eit langt memorandum til lord Rosebery i samband med skiftet, der Storbritannia gav Helgoland til Tyskland i byte mot kolonien Zanzibar.

Alexandra fekk mykje ros for førespurnaden sin, men han fekk inga praktisk tyding.[1] Dronning Victoria skreiv: «Kva kunne vera meir smerteleg for familien vår enn dei politiske vanskane vi blei sette i under krigane med Danmark?» Den tyskætta dronninga ønskte ingen dansk siger.[2]

Ekteparet fekk seks barn:

  • Prins Albert Victor av Storbritannia (fødd 1864, død 1892)
  • Kong Georg V av Storbritannia (fødd 1865, død 1936)
  • Prinsesse Louise av Storbritannia (fødd 1867, død 1931)
  • Prinsesse Victoria av Storbritannia (fødd 1868, død 1935)
  • Prinsesse Maud av Storbritannia (fødd 1869, død 1938), med tida dronning av Noreg
  • Prins John av Storbritannia (fødd 1871, død 1871)
 
Alexandra av Storbritannia måla av sir Samuel Luke Fildes

Før Edvard overtok trona, hadde Alexandra i nokre år driv med representasjons- og velgjerdsoppgåver. Mellom anna stifta ho eit fond til nedkjemping av arbeidsløyse og arbeidde for å forbetra sjukehusvesenet.

Alexandra blei tunghøyrd med alderen. Dei siste åra av livet var ho ein stor del i Danmark, dels hjå familien på Fredensborg slott, dels på Hvidøre slott, som ho kjøpte saman med systera si, enkekeisarinne Dagmar av Russland.

KjelderEndra

  1. Carl-Erik Grimstad: Dronning Mauds arv (s. 177), forlaget Aschehoug, Oslo 2010, ISBN 978-82-03-29131-9
  2. Carl-Erik Grimstad: Dronning Mauds arv (s. 311)

LitteraturEndra

  • Bramsen, Bo (1993), Huset Glücksborg. Europas svigerfader og hans efterslægt. (2. utg.), København: Forum, ISBN 87-553-1843-6 
  • Olden-Jørgensen, Sebastian (2003), Prinsessen og det hele kongerige. Christian IX og det glücksborgske kongehus, København: Gad, ISBN 8712040517