Opna hovudmenyen

Georg V (3. juni 186520. januar 1936), var konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland frå 1910 til 1927. Konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland frå 1927. I tillegg var han konge av det britiske imperiet og keisar av Britisk India. Georg V var son av kong Edvard VII av Storbritannia og dronning Alexandra av Storbritannia.

Georg V av Storbritannia
King George V 1911 color-crop.jpg
Konge av Storbritannia
Fullt namnGeorge Frederick Ernest Albert
EngelskGeorge V
Fødd3. juni 1865
FødestadMarlborough House
Død20. januar 1936
DødsstadSandringham House
GravstadSt. George's Chapel, Windsor Castle
FøregangarEdvard VII
EtterfølgjarEdvard VIII
Gift medMary av Teck
DynastiFyrstehuset Windsor, Fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha
FarEdvard VII av Storbritannia
MorAlexandra av Storbritannia
BornEdvard VIII av Storbritannia, Georg VI av Storbritannia, Mary av Storbritannia, Henry, hertug av Gloucester, George, hertug av Kent, Prins John av Storbritannia

Som fyrste av Wales vart Georg 22. juni 1906 utnemnt til storkrossen med kjede av St. Olavs Orden. Georg V var gift med Mary av Teck (dronning Mary).

Fyrstehuset WindsorEndra

George V er kjend for å ha endra namnet på den britiske kongefamilien frå Saxen-Coburg-Gotha til Windsor i 1917. Skiftet kom under den fyrste verdskrigen, då alt som kunne minna om Tyskland var lite populært i Storbritannia. Han gav avkall på alle tyske titlar òg på vegne av sine britiske slektningar.

Barn:

  1. Edvard VIII av Storbritannia.
  2. Georg VI av Storbritannia.
  3. Mary, princess royal gift med jarl Henry av Harewood.
  4. Prins Henry hertug av Gloucester, gift med Alice Montagu.
  5. Prins Georg av Kent,(1902-1942) gift med Marina av Hellas og Danmark.
  6. Prins John av Storbritannia, (1909-1919).

Syster:

  1. Dronning Maud av Noreg fødd 1869, gift med kong Haakon VII av Noreg.