Opna hovudmenyen

Alf Martin Bjørnø (10. november 19232. august 1991) var ein norsk skogsarbeidar og politikar frå Brunlanes i Vestfold. Han representerte Arbeidarpartiet og Vestfold fylkeStortinget frå 1973 til 1985.

Alf Bjørnø
Fødd 10. november 1923
Brunlanes
Død

2. august 1991

Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Bjørnø var son til ein gardbrukar. Sjølv var han skogsarbeidar 1940-44 og anleggsarbeidar 1944-46. Sidan 1946 arbeidde han ved Treschow-Fritzøe, dei fire fyrste åra i skogen, sidan 1950 som maskinførar.

I lokalpolitikken var Bjørnø medlem i Brunlanes heradsstyre den lange perioden 1952-75. Frå 1960 til -71 var han formann i Teknisk utval i Brunlanes.

Bjørnø vart vald til stortingsrepresentant frå Vestfold i 1973, attvald ved dei neste to stortingsvala. Gjennom sine tolv år på Tinget var han medlem 1973-77 i Landbrukskomiteen, 1977-81 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen og 1981-85 sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Frå 1981 var han med både i Arbeidarpartiet sitt internasjonale utval og han var formann i partiet sitt fiskeriutval.

Frå 1973 var Bjørnø medlem i landsstyret og forbundsstyret i Norsk Skog- og Landarbeiderforbund.

KjelderEndra