Vestfold fylke
Vestfold er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg i areal, men er også fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord. Setet for statsforvaltaren og fylkestinget ligg i Tønsberg.
Vestfold fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Tønsberg | ||
Areal | 2 167,65 km² | ||
• land | 2 092,42 km² | ||
• vatn | 75,23 km² | ||
Folketal | 256 432 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 123 / km² | ||
Målform | bokmål | ||
Statsforvaltar | Per Arne Olsen | ||
Fylkesordførar | Anne Strømøy (H) | ||
Fylkesnummer | 39 | ||
Vestfold fylke 59°19′N 10°13′E / 59.31°N 10.22°E | |||
Wikimedia Commons: Vestfold | |||
Nettstad: vestfoldfylke.no |
Frå 2020 til 2023 var Vestfold ein del av Vestfold og Telemark fylke.[1] Vestfold vart eit eige fylke att etter reforma av 2024.
Personar som kjem frå Vestfold fylke vert kalla for vestfoldingar.
Natur
endreVestfold har eit rikt dyre- og planteliv grunna tilhøva attmed Oslofjorden. I Vestfold er det 110 område og objekt som er verna etter naturvernloven. Områda utgjer til saman om lag 1,5 prosent av det totale arealet i fylket.[2] Over halvparten av Vestfold er dekt av skog. Vestfold har ein øyrik skjergard med over 500 store og småe øyar.
Klima
endreVestfold har enkle terrengtilhøve og liten utstrekning og det gjer klimaet einsarta.
Den rådande vinden er nordaustleg om vinteren, og sørvestleg om sommaren. Den sommarlege sjøvinden kan verte ganske sterk og ofte nå kuling styrke i ytre strøk. Februar er den kaldaste månaden i heile fylket, og ved kysten er middeltemperatur kring –1 °C, medan han lengre inne i fylket går ned til kring –5 °C. For juli er middeltemperaturen 16–17 °C.
Årsnedbøren varierer frå kring 700 mm ytst på kysten til opp mot 1200 mm i indre strøk. Mest nedbør kjem det gjerne på ettersomaren, medan det er lite nedbør på våren og forsommaren. Om vinteren får typisk områda nær kysten meir snø enn område aust for Oslofjorden. Kysten har òg ein del tåke, mest om våren. Tåke er observert i kring 3–5 % av observasjonane.
Kommunar
endreFolketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2024.
Nr. | Kart | Namn | Adm.senter | Folkemengd | Flatevidd km² |
Målform[3] | Distrikt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
3901 | Horten | Horten | 27 939 | 70,37 | bokmål | Tønsbergregionen | |
3903 | Holmestrand | Holmestrand | 26 872 | 432,36 | bokmål | Tønsbergregionen | |
3905 | Tønsberg | Tønsberg | 59 174 | 329,26 | nøytral | Tønsbergregionen | |
3907 | Sandefjord | Sandefjord | 66 231 | 433,27 | bokmål | Larvik/Sandefjordregionen | |
3909 | Larvik | Larvik | 48 715 | 812,66 | nøytral | Larvik/Sandefjordregionen | |
3911 | Færder | Borgheim | 27 501 | 99,96 | nøytral | Tønsbergregionen | |
Total | Vestfold | Tønsberg | 256 432 | 2 177,88 | nøytral | Østlandet |
Tidlegare inndelingar
endreTidlegare futedøme (fogderi)
endre- ██ Jarlsberg
Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Nøtterøy, Re, Sande, Stokke, Svelvik, Tjøme og Tønsberg
- ██ Larvik
Lardal, Larvik og Sandefjord
Kommunikasjon
endreTil Østfold
endreFrå Tønsberg kan ein kome seg over Oslofjorden til Østfold på 35 min. Flybåten går nemleg frå Tønsberg kai til Fredrikstad (Engelsviken).
Ein kan ogso ta Bastø-Fosen frå Horten til Moss som går kvar halvtime 18 timar i døgnet, og er Noregs mest trafikkerte ferjesamband.
Landbruk
endreAv Vestfolds totalreal er tjue prosent jordbruksareal, som det høgaste talet i Noreg. Landbruket i Vestfold skapar kvart år verdiar for over ein milliard kronar.
Nesten samtlege erter som vert dyrka i Noreg kjem frå Vestfold, medan femten prosent av dei norske jordbæra vert dyrka i dette fylket. Ti prosent av Noregs morellar vert modna i Vestfold.
23 prosent av alt norsk matkorn vert produsert i Vestfold, medan 23 prosent av Noregs grønsaker og tretti prosent av landets økologiske grønsaker vert produsert i det same fylket.
Potetar, grønsaker, frukt og bær dekkjer berre åtte prosent av fylkets arealar, men utgjer meir enn halvparten av samla fyrstehandsverdi av planteproduksjonen.
Fylkesvåpen
endreFylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.
Fylkesvåpenet er ein redesigna versjon av fylkesvåpenet for Vestfold fylke frå 1970 til fylkessammenslåinga i 2020.[treng kjelde]
Historie
endreHistorisk er Vestfold særleg kjend for ei stor mengd gravrøyser frå bronsealderen, viktige funn av vikingskip, og for det første bysamfunnet i Noreg, Kaupang i Tjølling, aust for Larvik. Fylket har òg ein av dei eldste noverande byane i landet, Tønsberg. I nyare historie har særleg skipsfart og kvalfangst i Sørishavet vore viktig.
Vikingtida
endrePå 800-talet var det seinare norske riksområdet samansett av om lag 30 smårike. Vestfold utgjorde då, saman med Lier og Eiker i Buskerud, eit eige kongedøme, og lokale høvdingar hadde etablert eit dynasti som seinare kunne samle Noreg til eitt rike. Familien til Harald Hårfagre, den første kongen i Noreg, kom i frå Vestfold.
Nyare historisk forsking sår tvil om dette, og meiner riket til Harald Hårfagre hadde basis på Vestlandet. Ein stiller spørsmål om ikkje småkongane i Vestfold og resten av Viken, i langt større grad enn Snorre gjev inntrykk av, var vasallar under den danske kongen. Dei frankiske riksannalane frå 813 opplyser at to danske kongar, Harald og Reginfred, søner av kong Godfred av Danmark, drog med hæren sin ad Westarfoldam til Vestfold for å slå ned eit opprør. Vestfold er skildra som plassert i den nordvestlegaste delen av riket deira.[4]
Sjå òg
endreKultur
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vestfold» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2010.
- «Vestfold – klima» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.
- Referansar
- ↑ Nå er Telemark og Vestfold slått sammen, Telemarksavisa.
- ↑ Vestfoldstatistikk, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 2. mars 2010
- ↑ Lovdata. «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Henta 16. juni 2020.
- ↑ http://arkeologi.blogspot.com/2006/11/mellom-danmark-og-normanna-land.html
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Vestregionsamarbeidet
- Rådet for Drammensregionen
- Regionrådet 12k Arkivert 2007-08-23 ved Wayback Machine.
- btvregion.no - fylkesregionrådet Arkivert 2007-10-21 ved Wayback Machine.
- Historie og kultur