Opna hovudmenyen

Alf Egil Holmelid

norsk politikar

Alf Egil Holmelid (fødd 13. desember 1947 i Fjaler i Sogn og Fjordane) er ein norsk sivilingeniør og politikar frå Sosialistisk Venstreparti i Vest-Agder fylke.

Alf Egil Holmelid
Alf Egil Holmelid, Sosialistisk Venstreparti (SV) Norge. Nordiska radets session i Reykjavik 2010.jpg
Fødd 13. desember 1947
Fjaler
Yrke politikar
Alf Egil Holmelid på Commons

Holmelid er forskingssjef ved Universitetet i Agder, der han sidan 1997 har vore tilknytt ingeniør- og økonomiutdanningane. Han har vore medlem av sentralstyret i SV i 10 år og medlem av bystyret i Kristiansand i 16 år. Dessutan er han medlem av Teknologirådet. Ved stortingsvalet 2009 vart Holmelid valt inn på utjamningsmandat for Vest-Agder. Han er medlem av næringskomiteen.

Alf Holmelid er utdanna sivilingeniør innan kybernetikk frå NTNU, med eksamen frå 1973. Han har vore forskingssjef ved forskingsavdelinga til Elkem på Fiskå i Kristiansand, der han arbeidde frå 1975 til 1997. Deretter vart han dekanus ved Fakultet for økonomi ved Høgskolen i Agder.

BakgrunnsstoffEndra