Alf Martinsen

norsk fotballspelar

Alf Werner Martinsen (29. desember 191123. august 1988) var ein norsk fotballspelar frå Lillestrøm, med kallenamnet «Kaka», som var midtspiss på det berømte Bronselaget under Sommar-OL 1936. Mellom 1931 og 1946 spelte han 46 landskampar, 21 for AIF og 25 for NFF. Martinsen «var smidig og smart, gled fint inn i kombinasjonsspillet og betenkte seg ikke et øyeblikk på å skyte straks han oppdaget en åpning».[1]

Alf Martinsen
Fødd 29. desember 1911
Lillestrøm
Død

23. august 1988
Lillestrøm

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Martinsen spelte på Lillestrøm Sportsklubb til 1930, men melde i 1931 overgang til Fram, eit av dei idrettslaga som var organisert i Arbeidernes Idrettsforbund. I tida fram til 1935 spelte han 21 landskampar for AIF-landslaget.

I 1936 melde han seg innatt i Lillestrøm SK og debuterte på Norges Fotballforbund sitt landslag 26. juli 1936, då Noreg vann 4-3 over Sverige på bortebane. Åtte dagar seinare skåra han to av dei norske måla i Noreg sin opningskamp under Sommar-OL 1936 i Berlin, ein kamp som enda med 4-0 over Tyrkia. Han deltok også i dei tre andre OL-kampane, i den siste, bronsefinalen, vann Noreg 3-2 over Polen.

Martinsen fekk til saman 25 kampar for NFF-landslaget, og skåra 10 landslagsmål. Han spelte sin siste landskamp i Luxembourg sommaren 1946, ein kamp som enda med heimesiger 3-2.

Perioden 1947–50 og 1952/53-sesongen var Martinsen trenar i Lillestrøm SK.

MerittarEndra

  • OL-bronse: 1936 med Noreg

NotarEndra

  1. Magnus Breili: Fotballboken. 1967

KjelderEndra