Arbeidernes Idrettsforbund
Arbeidernes Idrettsforbund AIF var eit idrettsforbund organisert av arbeidarrørsla som motvekt og alternativ til Norges Landsforbund for Idrett som var underlagt Forsvarsdepartementet og blant anna blei bruka til å rekruttere streikebrytarar og medlemmer til den høgreaktivistiske organisasjonen Samfundshjelpen.
Idrettslaget Spartacus som blei danna i 1920 og Arbeidernes Idrettskomite som blei danna i 1921 var grunnlaget for Arbeidernes Idrettsopposisjon, som blei danna i 1922 og blei til Arbeidernes Idrettsforbund i 1924. Forbundet hadde i starten 70 lag med 6000 medlemmer. Forbundet utvikla seg raskt, og voks særleg mykje på 1930-talet. I 1939 hadde AIF heile 100.000 medlemmer. Logoen til AIF var ei raud stjerne med bokstavane AIF i kvitt inni.
Formålet for AIF var å utvikle masseidretten, og dei streva bevisst for å utvikle ei form for idrett som stod i motsetning til den borgarlege konkurransementaliteten og elitedyrkinga. AIF-laga ville dessutan utvikle heile mennesket, og arrangerte såleis studiesirklar om arbeidarrørsla og sosialismen, og klubbkveldar med føredrag, opplesing og underhaldning.
Ei svært viktig side av verksemda til AIF var at dei bevisst satsa på å organisere dei mange arbeidslause ungdommane, gi dei noko konstruktivt å halde på med, og hjelpe dei å halde motet oppe.
I 1936 stilte det «upolitiske» idrettsforbundet opp på Adolf Hitler sin propaganda-olympiade, men AIF følgde oppfordringa frå LO-kongressen i 1934 og boikotta Hitler-Tyskland. Arbeidaridretten internasjonalt prøvde å få til ein alternativ olympiade i Barcelona i Spania i 1936, men den kunne ikkje gjennomførast da den spanske høgresida under leiing av general Franco same året gjekk til åtak på det spanske demokratiet og sette i gang den spanske borgarkrigen.
På slutten av 1930-talet ønskte leiande kretsar i begge dei norske idrettsforbunda at det skulle komme til samling, og Norges Idrettsforbund blei stifta hausten 1940. På grunn av okkupasjonen begynte det likevel ikkje arbeidet sitt før i 1946.