Alfred Moisiu
albansk politikar
Alfred Spiro Moisiu (fødd 1. desember 1929) er ein albansk politikar som var president i Albania frå 2002 til 2007.
Alfred Moisiu | |||
| |||
President i Albania | |||
Periode | 2002-2007 | ||
---|---|---|---|
Parti | Albanias demokratiske parti | ||
Fødd | 1. desember 1929 | ||
Fødestad | Shkodër | ||
Føregangar | Rexhep Mejdani | ||
Etterfølgjar | Bamir Topi |
Alfred Moisiu vart fødd i Shkodër. Han vart president i Albania den 24. juli 2002 og hadde stillinga til 24. juli 2007. Moisiu vart vald som president av nasjonalforsamlinga, med 97 røyster for, 19 mot og 14 avhaldande. Han vart rekna som ein kompromisskandidat, og vart støtta av både høgre- og venstresida til det stort sett seremonielle vervet som president.
Denne samfunnsartikkelen som har med Albania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.