Republika e Shqipërisë

(norsk: Albania, albansk)

Det albanske flagget Det albanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hymni i Flamurit (Salmen for flagget)»
Geografisk plassering av Albania
Offisielle språk Albansk
Hovudstad Tirana
Styresett
Demokratisk republikk
Bajram Begaj
Edi Rama
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
28 748 km² (142.)
4,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 047 987 (135.)
106 /km²
Sjølvstende
frå Det osmanske riket
28. november 1912
Nasjonaldag 28. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
32 440 mill. USD (121.)
12 200 USD (99.)
Valuta Lek à 100 qindarka
Tidssone UTC +2
Telefonkode +355
Toppnivådomene .al


Albania (albansk: Republika e Shqipërisë) er eit middelhavsland i Søraust-Europa. Landet grensar til Montenegro i nord, Kosovo i nordaust, Nord-Makedonia i aust, Hellas i sør, Adriahavet i vest og Det joniske havet i sørvest. Landet er eit ganske nytt demokrati, med det fulle namnet Republikken Albania.

Geografi endre

 
Kart over Albania
For meir om dette emnet, sjå Albansk geografi.

Ås- og fjellterreng utgjer mykje av landområda i Albania, der det høgaste fjellet, Korab i distriktet Dibra, strekkjer seg opp til 2 753 m. Ved sidan av hovudstaden Tirana, som har omlag 800 000 innbyggjarar, er dei største byane Durrës, Elbasan, Shkodër, Gjirokastër, Vlorë, Korçë og Kukës. I albansk kan namn, til liks med andre substantiv, ha både bestemt og ubestemt form, og dette gjeld òg for bynamn. Derfor kan ein i ulike samanhengar støyte på både Tiranë og Tirana, Shkodër og Shkodra og så vidare.

Klima endre

Albania har eit klassisk middelhavsklima, men har om lag dobbelt så mykje regn som til dømes Roma i Italia. Frå november til midt på våren kan ein vente regn om lag annakvar dag, men ein har og ein god del sol og mildvêr i løpet av vinterhalvåret. Sommaren er varm og fuktig, men ein lett nordavind gjev meir behagelege forhold på kysten. Om lag ein gong i veka sveipar torebyer innover landet og vidare inn i Makedonia. Enkelte fjellområde er høge nok til å få ein god del snø og kaldt vêr om vinteren. Fjellområda er elles blant dei områda i Europa som får mest nedbør. Tirana har ein årleg nedbørsnormal på 1353 mm, men i enkelte av månadane på hausten regnar det ikkje så mykje mindre enn i Bergen.

Historie endre

Rundt tusen år f.Kr. var dagens Albania folkesett av illyriske stammar. I år 168 f.Kr. blei området ein romersk provins fram til det blei delt i år 395. Tida som følgde var prega av slaviske invasjonar og lokale maktkampar. I 1344 blei landet annektert av Serbia.[1]

Etter at Gjergj Kastrioti Skanderbeg (d. 1468) i fleire tiår hadde stått imot den osmanske hæren, kom landet under osmansk herredøme i 1478, noko som varte fram til 1912. Eit fleirtal av innbyggjarane gjekk etter kvart over til islam, men ein del blei verande katolske eller ortodokse kristne.[1]

Den såkalla Prizren-ligaen gjorde krav om auka sjølvstyre i 1877-78 utan at dette førte fram. Men då osmanarane leid nederlag i Balkankrigen proklamerte albanske leiarar Albania som ein sjølvstendig stat 28. november 1912 og skipa ei mellombels regjering. Året etter blei staten internasjonalt anerkjend, men mista Kosovo. Med mindre justeringar blei grensene bekrefta i 1921, etter fyrste verdskrigen.[1]

I 1928 utropte president Ahmet Zogu seg sjølv til konge og styrte fram til andre verdskrigen i 1939, då landet blei okkupert av Italia. I 1943 overtok Nazi-Tyskland, men blei drive ut av partisanar i 1944. Den kommunistiske nasjonale frigjeringsfronten leia av Enver Hoxha skipa straks kommunistisk styre. I 1947 braut Albania med Jugoslavia og allierte seg med Sovjetunionen fram til brotet i 1961, då landet forlét Warszawapakten. Frå 1960 var det einaste allierte landet deira Kina. I 1967 blei Albania utropt til verdas første ateistiske republikk. Frå 1978 var grensene til landet heilt stengde, og diktaturet blei stadig meir undertrykkande. Etter Hoxha overtok Ramiz Alia.[1]

I 1991 hadde landet sitt første fleirpartival. I 1992 blei den første ikkje-kommunistiske regjeringa vald. I 1999 tok Albani imot hundretusenar av flyktningar frå Kosovo-krigen. 28. november 2012 feira landet hundreårsjubileum som sjølvstendig stat.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Endresen, Cecilie (16. desember 2015), «Albania», Store norske leksikon 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albania
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.