Alfred Thommesen

norsk politikar

Alfred Thommesen (2. juni 191431. desember 1988) var ein norsk sjømann, skipsreiar og politikar frå Flosta i Aust-Agder. Han representerte Aust-Agder og partiet HøgreStortinget i tida 1958-73.

Alfred Thommesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1914
Død

31. desember 1988 (74 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Thommesen var sjømann frå 1929 til 1939. Han tok skipsførareksamen i 1935, og var dei neste fire åra styrmann og skipper. I 1939 starta han eit eige reiarlag, og var elles 1951-62 styremedlem og medeigar i Froland Verk AS. 1951-56 var han formann i Aust-Agder rederiforening.

Thommesen var medlem i Flosta kommunestyre 1945–47 og sidan varaordførar i kommunen 1952–57. Hausten 1957 vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder, og vart attvald tre gongar. På Stortinget var han medlem 1958-61 og nestformann 1961–65 i Kommunalkomiteen, deretter medlem 1965-69 i Finanskomiteen og 1969-73 i Administrasjonskomiteen.

Kjelder endre