Opna hovudmenyen

Aust-Agder fylke

fylke i Noreg
(Omdirigert frå Aust-Agder)

Aust-Agder er eit norsk fylke som grensar til Telemark, Rogaland og Vest-Agder. Kystlinja grensar mot Skagerrak.

Aust-Agder fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Arendal
Areal 9 158 km²
 - land 8 353 km²
 - vatn 805 km²
Folketal 117 222 (1. januar 2018)
Folketettleik 14 / km²
Målform nøytral
Fylkesmann Stein A. Ytterdal
Fylkesordførar Tellef Inge Mørland (Ap)
Fylkesnummer 09
Norway Counties Aust-Agder Position.svg
Wikimedia Commons: Aust-Agder
Nettstad: www.austagderfk.no

Aust-Agder fylke svarar for det meste til området som inntil 1918 hadde namnet Nedenes amt.

KommunarEndra

Nr. Namn Folkemengd Flatevidd km²
0901   Risør 000000000006882.00000000006 882 000000000000193.0000000000193
0904   Grimstad 000000000023017.000000000023 017 000000000000304.0000000000304
0906   Arendal 000000000044645.000000000044 645 000000000000270.0000000000270
0911   Gjerstad 000000000002467.00000000002 467 000000000000322.0000000000322
0912   Vegårshei 000000000002087.00000000002 087 000000000000356.0000000000356
0914   Tvedestrand 000000000006086.00000000006 086 000000000000218.0000000000218
0919   Froland 000000000005790.00000000005 790 000000000000645.0000000000645
0926   Lillesand 000000000010871.000000000010 871 000000000000190.0000000000190
0928   Birkenes 000000000005187.00000000005 187 000000000000674.0000000000674
0929   Åmli 000000000001845.00000000001 845 000000000001131.00000000001 131
0935   Iveland 000000000001330.00000000001 330 000000000000262.0000000000262
0937   Evje og Hornnes 000000000003625.00000000003 625 000000000000550.0000000000550
0938   Bygland 000000000001207.00000000001 207 000000000001312.00000000001 312
0940   Valle 000000000001225.00000000001 225 000000000001265.00000000001 265
0941   Bykle 000000000000958.0000000000958 000000000001467.00000000001 467
Totalt   Aust-Agder 000000000117222.0000000000117 222 000000000009158.00000000009 158

Tettstadene i fylketEndra

68,2 % av dei som bur i fylket bur i tettstader. Det er fem stader som kallar seg by: Arendal, Grimstad, Lillesand, Risør og Tvedestrand.

KlimaEndra

Sørlege område av Aust-Agder har liknande klima som dei nærliggande områda av Austlandet og er godt skjerma mot vest. Heiane omkring Setesdalen er derimot utsett for byer frå vest. Sjøen utanfor kysten er relativt varm om sommaren, men kald om vinteren, og stundom med havis. Om vinteren bles det oftast frå nordaust ved kysten og meir nordleg inne i landet. Om sommaren bles det oftast frå sørvest ved kysten, stundom opp mot liten kuling. Innover i landet er vinden meir sørleg sommarstid. I finvêr er ofte solgangsbrisen dominerande.

Januar og februar er dei kaldaste månadane med middeltemperaturar kring −1 °C ved kysten og −3 til −5 °C lenger inne i landet. Lengst nord går midlane ned mot −7 til −8 °C. Juli er den varmaste månaden med temperaturar kring 17 °C like innanfor kysten. Litt lenger inne i landet 14 til 16 °C og i dei høgaste strøka lengst nord 12 °C.

Kysten er solrik, medan ein innover land finn meir vekslande skydekke og fleire byer. Årsnedbøren varierer frå kring 900 mm ute ved kysten til kring 1400 mm 20–30 km frå kysten, medan dei indre dalstrøka kan ha under 1000 mm. Enkelte år kan møtet mellom kald luft frå aust og fuktig luft frå Nordsjøen føre til store snømengder.

Det opptrer tåke på kysten 3-4 % av året, men hyppigast om våren når varm luft strøymer over det kalde sjøvatnet.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.