Algidus Mons er den austlegaste delen av Albanarfjella, som er eit stort sovande vulkanområde, om lag 20 km søraust for Roma i Italia. Ryggen vert kryssa av smale raviner kalla la Cava d'Aglio.

Via Latina var ein romersk veg som var strategisk viktig for det romerske militæret og som passerte gjennom Algidus Mons. Dionysius av Halicarnassus skreiv at det vart grunnlagd ein by på fjellet (Dion. Halic. x. 21, xi. 3), men dette er ikkje vorte stadfesta i nyare tid.

KjeldeEndra