Algiske språk er ein familie av amerikanske urfolkspråk i Nord-Amerika som omfattar algonkinske språk og to små språk i det nordvestlege California, wiyot og yurok. Slektskapen mellom wiyot og yurok og dei algonkinske språket blei påvist av den amerikanske lingvisten Edward Sapir.[1] Den algiske språkfamilien har tre hovudgreiner:

Algisk
Vidare inndeling:
Område: Nordlege Nord-Amerika
Glottolog: algi1248
ISO 639-5: aql


Utbreiinga av dei algiske språka før europearane kom til området.

Då slektskapen mellom wiyot og yurok blei påvist, blei dei slegne i hop i ein familie med namnet ritwansk (engelsk Ritwan), men det viser seg at dei to språka ikkje står nærmare kvarandre enn kvart av dei står algonkinsk, så det finst ikkje noko grunnlag for å klassifisere dei saman som ritwansk.

Fotnotar

endre
  1. Edward Sapir 1913. Wiyot and Yurok, Algonkin languages of California. American Anthropologist 15: 617-646.