Nord-Amerika

kontinent

Nord-Amerika er den nordlege delen av den amerikanske verdsdelen: Grønland, Canada, USA, Mexico, Karibia og Mellom-Amerika. Snevert definert, noko som er vanleg på norsk, omfattar området berre Canada, USA og Mexico.

Satellittbilde av Nord-Amerika

Bortsett frå ei tynn landgrense i sør mot Sør-Amerika er området omgitt av hav: Stillehavet i vest, Atlanterhavet i aust, Det karibiske havet i sør og Nordishavet i nord.

Klima endre

Kontinentet har store klimatiske motsetnader og raskt vekslande vêr. Dette skuldast mellom anna nærleiken til det isdekte Polhavet i nord og mangel på fjell som stenger luftutvekslinga nord-sør og påverknaden frå det varme Karibiske havet i sør. Nær Newfoundland er det brå temperaturovergangar i havet, noko som favoriserer danninga av lågtrykk. Den samanhengande nord–sørgåande fjellkjeda frå Alaska til Mellom-Amerika pregar nedbørfordelinga og fører til ein storstilt forstyrring i vestavindsbeltet, noko som òg er viktig for klimaet i Nordvest-Europa. Beringsundet mellom Nord-Amerika og Asia er grunt og smalt med fjell på begge sider. Her vert det utveksla lite havvatn og luft mellom Stillehavet og Polhavet. Kystområda i vest får ikkje dei store og raske vêromslaga som dei vidstrekte, uskjerma områda i aust får.

Langs kysten i nord er det ei brei stripe med tundraklima, medan ein lenger sør har kontinentalklima, som dominerer over dei største områda. Det er snødekke kvart år heilt sør til 40 ºN. Sør og aust i USA har ein temperert regnklima, men òg her kan ein få såkalla «Northers» med kulde og snø som kan gjer stor skade. Den subtropiske delen av vestkysten har middelhavsklima med tørre, solrike somrar, men òg ofte tåke over det kalde kystvatnet. Passatvinden trekkjer overflatevatnet mot vest slik at djupvatn strøymer opp ved kysten. I dei sørlege sentrale områda av USA og i ein stor del av Mexico har ein steppeklima og til dels ørkenklima, men det omfattar berre ein liten del av kontinentet. Mellom-Amerika har hovudsakleg tropeklima med mykje nedbør.

Den høge havoverflatetemperaturen i Det karibiske havet og dei kringliggande havområda i Atlanterhavet gjer at det lett kan oppstå tropiske orkanar som særleg råkar kystområda og øyar i Karibia. Orkansesongen er på det høgaste i tida frå august og ut oktober. Dei fuktige varme luftstraumane frå sør kjem i konflikt med kalde luftstraumar frå nordvest og gjev ofte tornadoar, som fullstendig kan rasere områda som vert råka. Mississippidalen er mest utsett. Sterk vind som virvlar opp støv og sand skjer i dei tørre områda, særleg i Mexico og Texas. Kombinasjonen sterk vind, kulde og snødrev gjev dei frykta «blizzards» som ofte vert etterfølgd av kuldebølgjer som kan råke store område, stundom heilt til Mexicogolfen.

Statar og territorium endre

Sjølvstendige nordamerikanske statar:[1] Areal km² Innbyggjarar 2022 Hovudstad Offisielt språk
  USA 9 525 067 337 341 954 Washington D.C. Engelsk
  Mexico 1 964 375 129 150 971 Mexico by Spansk
  Canada 9 984 670 38 232 593 Ottawa Engelsk og Fransk
  Guatemala 108 889 17 703 190 Guatemala by Spansk
  Haiti 27 750 11 334 637 Port-au-Prince Fransk
  Cuba 110 860 11 008 112 Havanna Spansk
  Den dominikanske republikken 48 670 10 694 700 Santo Domingo Spansk
  Honduras 112 090 9 459 440 Tegucigalpa Spansk
  El Salvador 21 041 6 568 745 San Salvador Spansk
  Nicaragua 130 370 6 301 880 Managua Spansk
  Costa Rica 51 100 5 204 411 San José Spansk
  Panama 75 420 4 337 768 Panama by Spansk
  Jamaica 10 991 2 818 596 Kingston Engelsk
  Belize 22 966 412 387 Belmopan Engelsk
  Bahamas 13 880 355 608 Nassau Engelsk
  Barbados 430 302 674 Bridgetown Engelsk
  Saint Lucia 616 167 122 Castries Engelsk
  Grenada 344 113 949 St. George's Engelsk
  Saint Vincent og Grenadinane 389 100 969 Kingstown Engelsk
  Antigua og Barbuda 443 100 335 St. John's Engelsk
  Dominica 751 74 629 Roseau Engelsk
  Saint Kitts og Nevis 261 54 488 Basseterre Engelsk
Andre område:
  Puerto Rico 9 104 3 098 423 San Juan Tilhøyrer USA
  Guadeloupe 1 628 371 600 Basse-Terre Tilhøyrer Frankrike
  Martinique 1 128 348 200 Fort-de-France Tilhøyrer Frankrike
  Dei amerikanske Jomfruøyane 1 910 105 413 Charlotte Amalie Tilhøyrer USA
  Bermuda 54 72 337 Hamilton Tilhøyrer Storbritannia
  Caymanøyane 264 64 309 Geroge Town Tilhøyrer Storbritannia
  Turks- og Caicosøyane 948 58 286 Cockburn Town Tilhøyrer Storbritannia
  Grønland 2 166 086 57 792 Nuuk Tilhøyrer Danmark
  Sint Maarten 34 45 126 Philipsburg Tilhøyrer Nederland
  Dei britiske Jomfruøyane 151 38 632 Road Town Tilhøyrer Storbritannia
  Saint-Martin 54 32 792 Marigot Tilhøyrer Frankrike
  Anguilla 91 18 741 The Valley Tilhøyrer Storbritannia
  Saint-Barthélemy 25 7 103 Gustavia Tilhøyrer Frankrike
  Montserrat 102 5 414 Plymouth Tilhøyrer Storbritannia
  Saint-Pierre og Miquelon 242 5 257 Saint-Pierre Tilhøyrer Frankrike
  Sint Eustatius 21 3 242 Oranjestad Tilhøyrer Nederland
  Saba 13 1 911 The Bottom Tilhøyrer Nederland
  Clipperton 6 Tilhøyrer Frankrike
Sum1 24 393 234 596 173 736
1Inkluderer Hawaii som geografisk ligg i Oseania

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nord-Amerika