Ali Karimi
iransk fotballspelar
Mohammad Ali Karimi Pashaki (fødd 8. november 1978 i Teheran) er ein iransk fotballspelar som spelar for Persepolis i den iranske fotballigaen, og for Iran sitt landslag. Han vart kåra til årets fotballspelar i Asia i 2004. Han har spelt profesjonell fotball for fleire klubbar i Midtausten, og spelte òg i to sesongar for Bayern München i tysk Bundesliga, der han var med å vinna seriemeisterskapen i 2006. Han har over 100 landskampar for Iran, og tok del i fotball-VM i 2006 for Iran.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
محمدعلی کریمی پاشاکی Mohammad Ali Karimi Pashaki | ||
Fødd | 8. november 1978 | ||
Fødestad | Teheran i Iran | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Ving, angrep | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Persepolis | ||
Nummer | 8 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1996-98 | Fath Teheran | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-2001 2001-05 2005-07 2007-08 2008-09 2009-11 2011 2011- |
Persepolis Al-Ahli Dubai Bayern München Qatar SC Persepolis Steel Azin Schalke Persepolis |
43 (11) ? (44) 33 (3) 27 (5) 21 (5) 39 (14) 1 (0) 0 (0) | |
Landslag | |||
1998- | Iran | 112 (36) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 23. april 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 |