All the Way from Memphis

All the Way from Memphis
Singel av Mott the Hoople
frå albumet Mott
B-side

Ballad of Mott the Hoople (26th 1972. mars Zürich)

Utgjeve 1973
Innspelt 1973
Sjanger Glamrock[1]
Lengd 3:24
Selskap
Låtskrivar(ar) Ian Hunter
Produsent Mott the Hoople
Mott the Hoople-kronologi 
«Honaloochie Boogie»
(1973)
All the Way from Memphis «Roll Away the Stone»
(1973)


«All the Way from Memphis» er ein song av Mott the Hoople gjeven ut som den første singelen frå albumet Mott i 1973. Songen fortel ei soge om ein rockeartist som får gitaren sin sendt til Oriole i Kentucky,[2] i staden for til Memphis i Tennessee.[3] Songen nådde tiandeplassen på UK Singles Chart.[4] Sjølv om han ikkje gjekk inn på salslista i USA, vart han mykje spelt på album-orienterte rockestasjonar.

«All the Way from Memphis» vart spelt av Brian May i 1998 på albumet hans Another World med Hunter som gjesteartist. Han vart òg framført av supergruppa Contraband på det einaste albumet deira i 1991. Det britiske rockebandet Thunder framførte songen på scenen og versjonar kom ut på fleire samlealbum. Det britiske punkbandet Abdoujaparov spelte songen i 2002 på albumet deira Air Odeon Disco Pub.

Den svenske artisten Magnus Uggla har sagt at han var inspirert av songen då han skreiv den første hitsingelen sin, «Varning på stan» i 1977.

Kjelder

endre
  1. Mastropolo, Frank (12. januar 2018). «Top 11 Glam Rock Songs». Rock Cellar Magazine. Henta 30. november 2020. 
  2. Harris, John (7 Jan 2010). Hail! Hail! Rock'n'roll: The Ultimate Guide to the Music, the Myths and the Madness. Hatchette UK. s. Chapter 3. ISBN 978-0748114863. Henta 8. november 2020. 
  3. Gallucci, Michael (3. juni 2013). «Top 10 Mott the Hoople Songs». Ultimate Classic Rock. Henta 30. november 2020. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 381. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff

endre