Allahabad (hindi इलाहाबाद, urdu الہ آباد Ilāhābād) er ein by i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Byen har 4 941 510 innbyggjarar (2001).

Allahabad
by
On the banks of New Yamuna bridge, Allahabad.jpg
Land Flag of India.svg India
Alle helgens Katedral i Allahabad

Tidlegare heite byen Prayāgav (sanskrit for «offerstad»), og i hinduisk mytologi er byen staden kor Brahma først ofra etter å ha skapt verda.

Allahabad er ein av dei fire stadane der Kumbh Mela-festivalen vert halden (dei andre er Haridwar, Ujjain og Nasik). Dei heilage elvene Ganges og Yamuna møtest ved ei landtunge som vert kalla Sangam, og skal ifølgje tradisjonen sameinast med den mytiske floden Sarasvati til eit heilagt treeining, Triveni.

KjelderEndra