Ujjain
Ujjain (engelsk uttale /udʒˈain/) er ein by i den indiske delstaten Madhya Pradesh. Han ligg ved austbreidden av elva Shipra. Byen har ca. 515 000 innbyggjarar (2011).[1] Ujjain er blant dei eldste byane i India. Han har ei viktig kulturell og religiøs tyding, og er ein av dei sju viktige valfartsstadene til hinduar.
Ujjain hindi उज्जैन | |||
Frå Ram Ghat ved Shipra-elva i Ujjain.
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Madhya Pradesh | ||
Distrikt | Ujjain | ||
Areal | 157 km² | ||
Folketal | 515 215 (2011) | ||
Ujjain 23°10′58″N 75°46′38″E / 23.182777777778°N 75.777222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Ujjain |
Byen ligg i Malwa-regionen, rundt 5 mil nordvest for Indore. Han er eit jernbaneknutepunkt og har mykje handel av jordbruks- og tekstilprodukt. Ujjain har også ein bomulls- og næringsmiddelindustri. Byen har eit universitet som blei grunnlagd i 1957.
Kjelder
endre- «Ujjain», Store norske leksikon, 19. mai 2015
- Denne artikkelen bygger på «Ujjain» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2016.
Bakgrunnsstoff
endre Reiseguide for Ujjain frå Wikivoyage
- Litteratur
- Dongray, Keshav Rao Balwant (1935): Ujjain. Alijar Darbar Press, Gwalior.
- Dipak Kumar Samanta (1996): Sacred Complex of Ujjain. D.K. Printworld. ISBN 978-81-246-0078-8.
- Rahman Ali; Ashok Trivedi; Dhirendra Solanki (2004): Buddhist remains of Ujjain region: excavations at Ṣodañga. Sharada Pub. House. ISBN 978-81-88934-15-7.
- Nettstader
- Offisiell nettstad for Ujjain distrikt (engelsk)
- Stader å vitja i Ujjain Arkivert 2010-03-24 ved Wayback Machine. (engelsk)
Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.