Alma Gol-sjøen
Alma Gol-sjøen (persisk دریاچه آلماگل) òg kalla Ulmagolsjøen, er ein innsjø i Golestan i Iran nær grensa til Turkmenistan.
Alma Gol-sjøen | |||
innsjø | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Provins | Golestan | ||
Koordinatar | 37°00′N 54°59′E / 37.000°N 54.983°E | ||
Areal | 250 ha | ||
Alma Gol-sjøen 37°21′00″N 54°34′59″E / 37.35°N 54.583055555556°E |
Innsjøen ligg 60 km nord for Gonbad-e Qabus. Innsjøen har hatt mykje malle (Silurus glanis), men bestanden har falle drastisk etter kvart som folketalet kring innsjøen har auka. Den største malla fanga i innsjøen skal ha vore kring 30 kg.
Alma Gol er overvintringsstad for trekkfuglar. I 1975 vart Alma Gol-sjøen og dei nærliggande Ala Gol- og Aji Gol-sjøane erklært eit verneområde under Ramsarkonvensjonen.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alam Gol Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «BirdLife IBA Factsheet». BirdLife International. Henta 4. april 2021.[daud lenkje]