Alt er tasten som ligg til venstre for mellomromstasten på normale tastatur. Han er ein modifiseringstast som kan endra funksjonen til andre tastar, ved at ein held Alt nede samtidig som ein trykkjar den andre tasten.

Alt-tast på Windows-tastatur.

Alt-tasten vert ofte nytta i tastekombinasjonar, gjerne saman med Ctrl eller Shift. Ein kan visa til slike samansetjingar ved å skriva tastenamna med eit pluss- eller minusteikn imellom, til dømes «Alt+F4» eller «Alt-F4».

På motsett side av mellomromstasten ligg AltGr, som har omtrent same funksjon, men som også har nokre tilleggsfunksjonar, som å visa til spesialteikn oppgjevne nede og til høgre på andre tastar.

Tastekombinasjonar endre

Nokre vanlege tastekombinasjonar i Windows:

  • Alt+F4 avsluttar det aktive programmet
  • Ctrl+Alt+Del startar systemet på nytt, eller opnar ein oppgåvevelgar som gjev deg høve til å lukka enkelte program.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Alt (tast)» frå Wikipeda på bokmål, den 12. september 2009.

.