Eit tastatur er ei eining med mange knappar (tastar) som oftast er merkt med bokstavar, tal og andre teikn. Tastatur vert oftast nytta saman med datamaskiner. Det mest vanlege oppsettet i dag, er eit alfanumerisk QWERTY-tastatur med 102 til 105 taster. Men det finst mange andre typar tastatur. Dette kan vera tastatur som fysisk er heilt ulike dei frå vanlege datamaskiner. Døme er spesialtastatur som i kasseapparata i butikkar, reine numeriske tastatur nytta på reknemaskiner, eller tastatur spesiallaga for å skriva fort med berre ei hand. Det finst òg alternative oppsett for vanlege PC-ar, slik som Dvorak-tastaturet. Dette er rett og slett ei omflytting av tastane.

PC-tastatur, med 102 tastar og med engelsk språk

Det finst tastatur der ein må trykkja fleire tastar om gongen for å skriva. Slike tastekombinasjonar produserer heile stavingar i staden for einskilde bokstavar. Det vert hevda at ein som er trent i bruken av eit slikt tastatur skriv langt fortare enn ein som er trent i bruken av eit vanleg tastatur. Slike tastatur er særleg nytta i sambande med teksting av tv-program i direktesending.

Ulike oppsett av standardtastaturet endre