Altaisk eller gorno-altaisk, fram til 1948 kalla ojrot (ойрот), er eit nordaustleg tyrkisk språk og offisielt språk i republikken Altaj i Russland. Språket blir snakka av ulike folk i Altajfjella, som ojrat, teleut, kumandi og sjor.

Altaisk
Алтай тили, Altay tili
Klassifisering Tyrkiske språk
 Sibirsk tyrkisk
Bruk
Altaisktalande i alt 55 720 (folketeljing 2010)[1]
Rangering Republikken Altaj, Altaj kraj
Skriftsystem Kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i  Russland
 Republikken Altaj
Språkkodar
ISO 639-2 alt

Dei altaiske språka vert skrive med det kyrilliske alfabetet.

Altaisk må ikkje forvekslast med hypotesa om den altaiske språkfamilien, som er hevda å omfatta tyrkiske, tungusiske og mongolske språk.

Kjelder endre

  1. «Population of the Russian Federation by Languages (in Russian)» (PDF). gks.ru. Russian Bureau of Statistics. Arkivert frå originalen (PDF) 27. januar 2021. Henta 1. november 2017.